Næringsliv | 03. mai 2020

Os Auto på plass i nytt lokale

Vil nå nye høgder i Industrivegen.

Os Auto på plass i nytt lokale
Har auka kvart år. F.v.: Rune Balland, Svein Elling Sælen, Dan Nordvik, Jan Erik Havsgård og Yngve Bergo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. mai 2020 07:57

I januar fortalte eigar Rune Balland om leigekontrakt i nytt lokale til bilverkstaden hans, Os Auto.

Den 15 år gamle verkstaden måtte ut av Jordmorsvingen innan 2023, og då denne sjansen bydde seg i Industrivegen, der Bomobil var før, slo Balland til.

– Vi er fem tilsette no, og har i grunnen vakse oss ut av Jordmorsvingen. Her går vi ned frå tre til éin port, men får 50-60 kvadratmeter ekstra, og eit lokale som kan innreiast endå meir effektivt, sa Balland i januar.

Rune Balland ser fram til å opna den 15 år gamle verkstaden i nytt lokale i morgon. (Foto: KVB)
Rune Balland ser fram til å opna den 15 år gamle verkstaden i nytt lokale i morgon. (Foto: KVB)

– Jordmorsvingebn ligg synleg til for Byvegen, men her får vi god eksponering mot E39.

Målet var flytting i slutten av februar. I staden blei det opning i nytt lokale i morgon, måndag 4. mai.

– Vi blei pålagt å bygga handikaptoalett, eit krav som ikkje var der då vi i 2008 flytta frå Aarvik sitt bygg i Industrivegen og ned til Jordmorsvingen. Så kom koronakrisa, som òg gjorde prosessen seinare.

Fleire store løft

Tysdag klokka 12 stengte gamleverkstaden, og så var det å flytting alt av bukkar, verktøy og delar.

– Vi har seks bukkar og får meir luft mellom alle. Den eine skiftar vi ut med ein bukk som kan løfta bubil og campingvogn, det har vi takhøgde til her i nytt lokale.

Nytt hos Os Auto er løftebukk til bubil og campingvogn. (Foto: KVB)
Nytt hos Os Auto er løftebukk til bubil og campingvogn. (Foto: KVB)

Lokalet elles er lyst, har mange vindauge og nytt ventilasjonsanlegg. Frå før var det to kontor, no er det innreidd med nye toalett, nytt kundemottak, lunsjrom og kontor.

– Vi har òg større parkeringsplass, og tryggare uteområde. Vi såg det som ein risikofaktor at skuleungar ofte sprang mellom bilane våre på veg til eller frå barneskule eller ungdomsskule i Os sentrum. Heldigvis fekk vi ingen uhell.

70 hengarar og 700 dekk

Os Auto har status som Tysse-forhandlar ved sidan av hovud-drifta. På det meste sel dei over 70 tilhengarar til proff, privat og båtfolk i året, ved sidan av å driva utleige.

– Kvar får du plass til det store dekkhotellet ditt?

– Vi vurderte å bygga hems, men slo det frå oss. I staden har vi nokre konteinarar ute på plassen som blir fylte opp og låst av.

Os Auto oppbevarer dekk for 170 kundar i året, altså 680 vinterdekk blir ståande lagra på verkstaden mens kundane glir rundt på sommarføre.

– No håper vi på sommarstemning på opningsdagen! Normalt ville vi bydd på kake, kaffi og is, men det er framleis koronatiltak, med nøye vask av handtak, gir og ratt - og avstand til kvarandre. Vi får nøya oss med å feira ny verkstad med nokre gode tilbod til kundane våre, seier Rune Balland.

Frå i morgon er Os Auto i drift langs E39 med verkstad og Tysse-utsal. (Foto: KVB)
Frå i morgon er Os Auto i drift langs E39 med verkstad og Tysse-utsal. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.