Sport | 25. aug. 2010

Os-båtar på 2. plass

Akina vann den minste klassen i tysdagens Korsfjord-trim, i dei to største klassane blei det 2. plass på osingane.

Os-båtar på 2. plass
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. aug. 2010 10:24

Med svak og skiftande vind frå start blei det vanskeleg for startbåten å velja løp under gårsdagens Korsfjord-trim, melder Kjetil Sture Eriksen frå Os Seilforening.

Det blei slør over Korsfjorden til Kyrholmen i Austevoll. Etterkvart kom spinnakarane opp og det kom også litt meir vind.

Ved runding av Kyrholmen mista dei fleste båtane vinden i le av holmen. Det blei derfor ein del omrokkering på rekkefølgja. Ikkje alle var like heldige, nokre mista fleire plassar rett etter rundinga.

Måtte slå mot nord
På veg tilbake var det stor fordel å halda seg mot nord, der det var sterkare vind. I tillegg dreide vinden endå meir, så det blei kryss mot vinden siste del av etappen tilbake til Korsneset.

Dei som låg litt lengre sør måtte slå mot nord for å koma seg over mållinja.

Brot på vikeplikta?
Rett før start endra vinden retning og i den tette manøvreringa som følgte meinte den eine rormannen at den andre braut vikeplikta.

Resultata under er derfor førebelse, rett resultatliste blir lagt på Os Seilforening sine sider når protesten er handsama.

Topp 3 i kvar klasse:

Lys t.o.m 1,15
1. Akina (Leif Martin Hetleflåt, Os Seilforening)
2. Lona 4ever (Espen Sandøy Bergens Seilforening)
3. Lady K. (Bjørn Eliassen, Os Seilforening)

Lys 1,16 t.o.m 1,24
1. Bulle (Stein Olav Drange, Milde Båtlag)
2. Piano (Sverre Holm, Os Seilforening)
3. YABADOO III (Trond Wickman, Bergens Seilforening)

Lys f.o.m 1,25
1. VENI VI (Jan Hjellestad, Bergens Seilforening)
2. Silje Marie (Magne Lepsøy, Os Seilforening)
3. Madcap (Birger Bjerke, Milde Båtlag)

Fullstendige resultat:
www.os-seilforening.org

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.