Os blei seinka av Ndour
Nok ein negativ snuoperasjon på Kuventræ.
Os leia to gongar og skapte enormt med sjansar, men tapte heime for Sogndal 2.
Alioune Ndour, som har skåra 5 må på 9 kampar for A-laget til Sogndal i år, skåra to av måla til gjestane.
– Det føles som om vi treng ti sjansar for å skåra eitt mål mens dei treng éin sjanse for å skåra tre mål, fortviler assistenttrenar Rune Mo.
– Samtidig er vi ikkje gode nok på å få oversikt defensivt. Måla vi slepp inn er for enkle, at vi som samla sett er eldre, meir erfarne og tyngre, skal sleppa inn på corner, er heller ikkje bra, synest han.
Os - Sogndal 2 2-3 (1-1)
Målskårarar, Os: Fabian Bødtker og Marius Mikkelsen
Os: Chris Sunde Midtsun - Anders Havsgård, Divaldo Cardoso, Carlos Mendes, Torgei Lunde - Rafael Villén, Steffen Kvamsdal (Simon Søvik), Marius Mikkelsen - Fabian Bødtker (Sander Kvittingen), Mats Cato Moldskred og Roger Ekeland.
Os gjekk ut i hundre, og fekk etablert eit høgt press på gjestane. Moldskred hadde skot utanfor før Ekeland på raid fekk lausna eit hardt skot på keeper. Bødtker var på plass då keeper gav retur og heimelaget gjekk i leiinga i 14. minutt.
Ein kort periode nedpå var nok til at Sogndal 2 kom seg opp i banen. Då Ndour fekk stå heilt åleine framfor mål, blei det lett å utlikna.
Så kvikna Os til igjen, og hadde både trippelsjanse i 28. minutt, eit svært skåringsvenleg innlegg utan folk på bakerste stolpe i 33. minutt og to cornerar på rad i 42. minutt.
Ti minutt ut i 2. omgang, etter at Villén hadde skote over, blei Lunde felt og Moldskred slo frispark frå rett utanfor 16-meteren. Der var Mikkelsen og heada inn 2-1.
Men fem minutt seinare utlikna gjestane igjen. I 79. minutt gjekk dei opp i 2-3.
Tidlegare har Os slite litt på siste tredelen av banen, i dag såg dei ut til å slita på siste tidelen av banen. Det var mykje spel i Sogndal sin 16 meter, men det nærmaste Os var utlikning var frispark i tverrligger av Moldskred og skåring avblåst på offside då Ekeland heada inn returen. Innbytar Søvik var òg nær å sørgja for poeng, med eit hardt skot langs bakken på overtid, men skotet var ikkje godt nok plassert.
– Det er gledeleg at vi held fram med å skapa veldig mykje, men fortvilande å sjå at sigeren misser nok ein gong. Men vi er i positiv utlivkling og eg føler meg trygg på at vi skal byrja å få større utteling, seier Mo.
Os speler no to bortekampar på rad, først mot Valdres og så mot Brann 2.
Neste heimekamp blir mot Strømsgodset 2 17. juni.
• Terminliste og tabell på fotball.no