Bygstadskipet er bygd med Gokstadskipet som utgangspunkt. (Pressefoto)

Os-dagane får eige vikingskip på besøk

Nye hovud tenkjer nytt - nystarta FjordFolk skal i år arrangera Osdagane.

image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Christoffer Kobbeltvedt og Marthe Kristensen står bak nyetableringa FjordFolk.

Plassert i Gründerparken i Os sentrum, har dei allereie teke unna Vårleppet for Os sentrumsforening. No er det Osdagane dei to gründarene skal få bryna seg på.

Overgangsfase

Styreleiar i Os sentrumsforening, Jon Sivert Rykkel, er glad for at FjordFolk er med og tek unna dei vårlege arrangementa i sentrum.

– Vi er no ein overgangsfase etter at William Lindborg tidlegare sa seg opp som leiar av sentrumsforeningen.

Både vårsleppet og Osdagane er store og viktige arrangement, og fram til vi finn ei permanent løysing rundt dette, har vi vald å leiga inn FjordFolk til å avvikla arrangementa.

Med hjarte for Os og sentrum

Kobbeltvedt og Kristensen har begge erfaringar frå kultur- og eventbransjen, hovudsakleg utanfor Os. Difor er dei ekstra begeistra over å få kunna arrangera i Os- for sambygdingar.

– Vi ønskjer å laga ei god ramme rundt Os sentrum og visa fram mogleheitar og potensiale, fortel Kristensen. Det ligg mykje potensiale i Osdagane, og ikkje minst i Os sentrum. Som ein opplevelse-aktør, er det vår jobb å løfta dette fram.

Kobbeltvedt fortel at kombinert med å behalda kjerna i det som er Osdagane, jobbar han og Kristensen mykje med å dra inn nye aktørar og utstillarar til årets arangement.

– Osdagane er ein ypperleg arena for næringsliv, småskala-produsentar og det lokale lags- og organsiasjonslivet å visa seg fram, gjerne på ein ny og spanande måte.

Speler kreativ ball

Rykkel fortel at FjordFolk har fått rimeleg frie tøyler på innhaldet i Osdagane 2019, men at dei jamnleg speler ball med sentrumsforeningen;

– Os Sentrumsforening er bestillar, og oppdraget er å trekkja så mange folk som mogleg til Os sentrum helga 27. til 29. juni. Vi ønskjer at Osdagane skal vera ein attraktiv marknadsplass, både for publikum og dei næringsdrivande.

• Les òg: Osdagane for første gong

Trekk inn hamna - med vikingskip

Kobbeltvedt og Kristensen jobbar no med å setja saman programmet og innhaldet for Osdagane, og trekk fram hamna og bølgjebrytarane som ein spanande faktor i arbeidet;

– Vi har veldig lyst til å utvida sentrums-begrepet vidare med å å involvera hamna og hamnebassenget, spesielt no som bølgjebrytarane er på plass.

FjordFolk har med den tanken i bakhovudet allereie teke kreativt grep og leigd inn Bygstadskipet.

Bygd med utgangspunkt i Gokstad-skipet, vil Os hamn ha sitt eige vikingskip i 10 dagar.

– For å få til ei best mogleg avtale måtte vi leiga skipet i 10 dagar, så her kan vi verkeleg få til mange flotte aktivitetar. Under Osdagane vil vi arrangera turar i hamnebassenget for born, og med skipet kjem det ein ein skipper som vil fortelja viking-historiar, avsluttar Kristensen og Kobbeltvedt.

Fleire saker