Næringsliv | 25. mai 2016

Os' dyraste hus selt på Berge

58 interesserte og 5 deltakarar i bodrunde sendte prisen på denne bustaden langt forbi førre prisrekord i Os.

Os' dyraste hus selt på Berge
Gode solforhold, fantastisk utsikt og høge arkitektoniske og tekniske kvalitetar førte til rekord. (Foto: Espen Wilhelmsen, Imotiv)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. mai 2016 20:39

Bildeserie:

– Du ser «alt» frå Berge, seier meklar. (Foto: Espen Wilhelmsen, Imotiv)
– Du ser «alt» frå Berge, seier meklar. (Foto: Espen Wilhelmsen, Imotiv)
Både arkitekt og eigar, som har bygd huset sjølv, får ros. (Foto: Espen Wilhelmsen, Imotiv)
Både arkitekt og eigar, som har bygd huset sjølv, får ros. (Foto: Espen Wilhelmsen, Imotiv)
Det er bygd fleire verdifulle bustadar på Berge dei siste åra. (Foto: Espen Wilhelmsen, Imotiv)
Det er bygd fleire verdifulle bustadar på Berge dei siste åra. (Foto: Espen Wilhelmsen, Imotiv)
1 av 3
– Du ser «alt» frå Berge, seier meklar. (Foto: Espen Wilhelmsen, Imotiv)
Både arkitekt og eigar, som har bygd huset sjølv, får ros. (Foto: Espen Wilhelmsen, Imotiv)
Det er bygd fleire verdifulle bustadar på Berge dei siste åra. (Foto: Espen Wilhelmsen, Imotiv)

Det har blitt tett mellom prisrekordane på einebustadar i Os dei siste åra. I januar 2014 blei eit hus i St Hanshaugvegen selt for 6.675.000 kroner, i mai 2015 blei ein eigedom på Brimsholmen og ein bustad på Nesjaryggen begge selt for 7,2 millionar kroner.

I april i år gjekk det mykje omtalte moment-huset i Halhjemsmarka unna til prisantyding, 7,5 millionar, men den rekorden fekk ikkje stå lenge.

I dag blei ein einebustad på Berge selt for 8,1 millionar kroner.

Huset er bygd i 2012, har fire soverom og eit samla bruksareal på 245 kvadratmeter (270 brutto).

– Berge har ei fantastisk utsikt og gode solforhold, og har vakse fram som eit flott bustadområde og eit godt nabolag, seier dagleg leiar i Privatmegleren Vikøyr & Brandt, Arild Vikøyr.

Han er ikkje overraska over at kollegaen fekk god respons, men er sjølvsagt nøgd med at det blei bodrunde og rekordpris.

– Angra på at dei ikkje baud meir

Eigedomsmeklar Erlend Erstad fortel at han var på privatvising morgon og kveld både fredag, laurdag og søndag. Interessa heldt fram over helga og tysdag starta bodrunden.

– Vi hadde mange besøk på annonsen, 58 interessentar på liste og 5 som blei med på bodrunde, som starta på prisantyding. Både bergensarar og osingar var med på bodrunden. Bustaden gjekk til slutt til ei kvinne frå Os.

Boda gjekk frå 6.650.000 til 8,1 millionar kroner.

– Enkelte, som eg har inntrykk av ville vera med og by, blei sitjande på gjerdet då dei såg kor høgt boda gjekk, men det er òg nokon som har sendt meg melding etterpå og sagt at dei angra for at dei ikkje gjekk lengre opp med boda sine.

– Seljar er byggmeister og har bygd huset sjølv. Det er i teknisk svært god stand. I tillegg har arkitekt Gisle Nataas verkeleg teikna eit hus med smarte løysingar.

Undervurdert

Erstad seier prisantyding ikkje var ein lokkepris, seljar ville selt om han fekk det han bad om.

Vikøyr seier dette er typisk for hus i høg prisklasse, anten blir dei liggande i marknaden ei stund, eller så tar det av.

– Berge har dessutan vist seg å vera noko undervurdert. Eit av mine første sal som meklar for 8-10 år sidan var ei tomt som gjekk til rekordpris nettopp på Berge.

– Dei siste åra har det vore bygd fleire hus til rundt 5 til 8 millionar kroner på Berge, men desse er så nye at få av dei er selt. Eg var nyleg og sette ei prisvurdering på ein annan bustad i området, då eigar ikkje var nøgd med taksmannen sitt resultat. Eg forstår at takstmann ser på tidlegare selte hus i området, men då få av dei nye er selt så har vedkomande gløymt å ta omsyn til nettopp det at så mange har utvikla så verdifulle eigedomar nettopp her.

– Eg gler meg både på vegne av seljar og naboane sine vegne, dette salet har gjeve dei ein ny peikepinn på den økonomiske verdien av å bu på Berge. Dei andre verdiane, som utsikt og gode solforhold, veit dei nok allereie om, seier Arild Vikøyr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.