Lokal | 25. juli 2016

– Os er einaste plassen der dette skjer

Stupebrettet i Vikjo er knekt.

– Os er einaste plassen der dette skjer
Søndag kveld eller natt til måndag har stupebrettet i Vikjo blitt øydelagt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. juli 2016 14:28

Stupebrettet i Mobergsvikjo har blitt øydelagt i løpet av helga.

– Vi har fått melding om dette frå to ulike personar. Han eine meinte at det må ha skjedd i løpet av natt til måndag, fortel Oddmund Dingen, driftsleiar hos Bergen og Omland Friluftsråd (BOF).

– Eg har ikkje vore og sett på skaden sjølv, men sånn eg har fått det skildra så er det nok nokon som har hatt det kjekt, og som eg håper ikkja har skada seg.

Berre i Os

BOF har over 90 stupebrett installert på ulike område i og rundt Bergen.

– Tidlegare var desse laga av to stykk 3 x 8 tommarar, men så lenge eg har jobba her har vi brukt limtre.

– Dette er andre gong at stupebrettet i Vikjo er øydelagt, mens ingen av dei andre stupebretta våre har blitt skadd.

Kan få kortare brett

Sjølv om osingane ser ut til å vera meir brutale i leiken enn andre har ikkje BOF gjeve opp å ha stupebrett i Vikjo.

– Vi kan ikkje lata nokre få øydelegga for mange. Eg synest Vikjo bør ha stupebrett, seier Dingen.

– I løpet av eit par dagar skal vi koma til Os med eit nytt brett. Då får vi vurdera om vi skal montera eit litt kortare brett.

– Det er djupt nok til eit kortare brett, og om vi så berre går ned ein halv meter på lengda så vil det bli langt sterkare. Uansett ber vi folk vera varsame om dei er fleire utpå, det er ikkje bygd for at ein gjeng skal stå på brettet og gynga samtidig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.