Lokal | 20. juni 2018

Os er god på pris og tempo

Byggesak: Ny kalkulator gjer det enkelt å finna og samanlikna saksbehandlingstid og byggesaksgebyr.

Os er god på pris og tempo
Os rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. juni 2018 07:26

Huseierne (tidlegare Huseiernes Landsforbund) lanserte i går ein kalkulator på heimesidene sine kor du kan sjekka behandlingstid og storleik på byggesaksgebyr i kommunane i Noreg.

Kalkulatoren bruker 2017-tal, dei ferskaste som ligg i Kostra, tal som kommunane sjølv rapporterer inn til SBB. Tabell og samanlikning er basert på kor mykje kvar enkelt kommune tar betalt for ein byggesøknad for å bygga ein einesbustad på 200 kvadratmeter.

– Vi er opptatt av at forbrukarane enkelt skal finna fram til pris og behandlingstid, og at det skal vera samla på éin plass, berre eit tastetrykk unna, seier distriktsleiar Monica Bryner i Huseierne.

– Derfor har vi brukt tid og ressursar på å få denne kalkulatoren på plass, og vi håper at bustadeigarane vil finna den nyttig.

Sjølvkost

Kommunane i Noreg leverer tenesta etter sjølvkostprinsipp, ikkje faste, førehandsbestemte gebyr med like sommar. Det er årsaka til dei store variasjonane.

– Det er klart at når forskjellen ligg på nesten 50.000 kroner fra éin kommune til ein annan, så er det grunn til å stilla spørsmålet om mange kommunar tar seg for godt betalt, seier Monica Bryner.

Forskjellane er store i kommunane i Noreg, både i pris og i tid. Mens Etne bruker 1 dag på saksbehandling må du i Sørfold venta 201 dagar.

Prisane varierer òg, frå Krødsherad, Tokke og Vinje, som har gratis saksbehandling, til Røyken i Nittedal, som tar 46.000 kroner betalt for same jobben.

Snittet for heile landet ligg på 13.717 kroner.

Store forskjellar

I oversikta for Hordaland ser vi at Fedje bruker lengst tid, med 92 dagar (pris 6500 kroner), mens Fitjar bruker 15 dagar (pris 28.000 kroner) på å behandla søknaden.

• Os kommune bruker 22 dagar og tar 7.720 kroner for jobben.

• Fusa kommune bruker 60 dagar og tar heile 19.230 kroner.

Midtsiden fekk i går ein kort kommentar frå ein travel kommunalsjef i Os om forskjellane.

– Når vi kjem til 2020 må gebyr vere samordna. Vi har eit eige prosjekt som ser på dette. Eg reknar med at dette blir ei viktig sak for politikarane, så dette kjem vi nok til å høyre meir om, seier Aina Tjosås.

Fjell kommune har saksbehandlingstid på 40 dagar og tar 13.274 kroner for jobben, Askøy bruker 38 dagar og har gebyr på 15.000 kroner.

Har du rett på rabatt?

Huseierne er opptatt av at regjeringa tar de store forskjellane på alvor, og ventar at dei følgjer opp både regelverk og handteringen av dette.

• Test kalkulatoren på huseierne.no

Mange kommunar har så lang saksbehandlingstid at utbyggarane kan krevja å få delar av byggesaksgebyret redusert.

– Dette er det mange som ikkje er klar over. Dersom kommunen ikkje har behandla byggesøknaden innan fristen på 84 dagar, har du krav på å få redusert byggesaksgebyret med inntil 100 prosent. For kvar påbegynte veke etter fristen har gått ut, blir gebyret redusert med 25 prosent, seier distriktsleder Monica Bryner i Huseierne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.