Stian Kvåle er ny hovudtrenar for Os sitt damelag. No får klubben i tillegg eit sjuarlag, men treng fleire spelarar til dette. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Os får to damelag

Påtroppa trenar Stian Kvåle har stor stall. Nokre vil trappa opp treninga, andre går saman om 7-arlag.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os sitt damelag blei i sommar styrka med yngre krefter frå 2001-årgangen, tapte berre éin av dei seks siste kampane i haust og redda plassen i 4. divisjon etter ein svak vårsesong.

Laget har halde på alle spelarane, trappar opp til tre treningsøkter i veka og melder på to lag til årets serie, eitt som speler 11-ar, og Os 2, som blir påmeldt i 7-ar.

– Vi har over 20 jenter og damer i stallen. Dette i seg sjølv er ikkje mange nok til to lag, men vi trur og håper at vi med eit Os 2, som skal spela 7-ar, kan få fleire jenter og damer på banen, seier Stian Kvåle.

I fjor var damelaget på eigen treningsleir i Rafael sin heimby, Malaga, denne vinteren skal begge damelaga på treningsleir med herrelaget til Tyrkia.

Ny hovudtrenar

Kvåle var med i trenarteamet til Søre Neset sitt A-lag før han fekk eit halvt år med Os 2. Så kom tre år i team med Hassan El Fakiri, assistent Ørjan Håland og keepertrenar Vidar Bahus.

– Det var ei veldig lærerik tid! Trenarrolla interesserer meg, og i månadsskiftet januar-februar er eg ferdig med UEFA C-lisens, fortel Stian.

I haust har han i tillegg assistert dametrenar Rafael Villén.

– Rafael har vore travel, med jobb, trening og kamp for A-laget. Han har òg hatt ein tur til Spania og eit skadeopphald, der eg har hjelpt til.

Då Rafael ville gje seg etter to år som dametrenar steppa Stian inn.

– Det er ein positiv gjeng med strålande humør. Dei er lærevillige og eg har inntrykk av at det er eit godt miljø på tvers av alderstrinna i gruppa.

– Har du dårleg tid og er ute av form? Kom likevel! 

Kvåle trappar no opp og aukar frå to til tre økter i veka, både før og i sesong.

– Det er jentene sjølv som ville dette. Vi fekk nokre spreke 16-åringar inn i stallen etter sommaren, men dei er ikkje dei einaste som ønskjer å koma i betre form.

Ein av spelarane som gler seg over at det no blir eit sjuarlag i tillegg, er Jorunn Staverløkk.

– Vi har vore eit par spelarar som har hatt ønske om dette ei stund, samtidig har vi høyrd om andre tidlegare fotballspelarar rundtom i Os som har vurdert å starta sjuarlag, seier Jorunn.

I november vann ho miksklassen i MidtsidenCup med «Superlaget», no håper ho å samla ein god gjeng til nye Os 2.

– Vi har same treningstid som Os 1, om ikkje vi trener like mange dagar i veka. Vi varmar nok opp saman, men så differensierer vi og trener for oss sjølv.

– Vi er berre eit par frå Os 1 som no vil spela på Os 2, og så har vi vore i dialog med 2-3 til som viser interesse. Dette blir meir laidback enn damelaget var, og ein fin arena å gjera comeback om du saknar fotball, men ikkje har tid til å trena så mykje eller ønske om at det skal vera så veldig seriøst, seier Jorunn, og oppmodar alle som er litt interessert å ta kontakt.

Fleire saker