Lokal | 20. des. 2017

Os fekk ny «maje»

Politiet har kjøpt bilar for 80 mill: Éin av dei nye bilane gjekk til Os lensmannskontor.

Os fekk ny «maje»
Os lensmannskontor si nye svartemarje, her på trafikkontroll på Byvegen i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. des. 2017 09:19

I revidert nasjonalbudsjett for 2017 blei politiet tildelt 100 millionar kroner til investering i køyretøy, mobiltelefonar og PC-ar.

80 av desse millionane gjekk med til å kjøpa nye bilar.

Ifølgje TV2.no har politiet kjøpt denne bilparken:
• 12 stk BMW X5 (ressurs)
• 16 stk BMW 525 (liten patrulje)
• 25 stk Mercedes Benz Vito (stor patrulje)
• 10 stk Volvo XC70 (hundebil)

– Ein bilpark få andre land kan visa til, sa politidirektør Odd Reidar Humlegård til Politiforum då avtale med BMW, Mercedes og Volvo var i hamn i 2015.

1 av 6 til Os

Os lensmannskontor har fått éin av dei nye bilane, ei ny «svartemarje» type Mercedes Benz Vito.

– Vest politidistrikt fekk 6 Vito-ar, den eine av dei fekk vi til Os, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

Den førre skal vera nærmare ti år gamal og har rulla 220.000 kilometer.

– Bilen var prega av mykje bruk og behovet for fleire reparasjonar var byrja å melda seg. Den var kort sagt moden for utskifiting, og vi er veldig nøgde med at vi no fekk ny bil.

Gamlebilen er levert inn til Vest politidistrikt. Det er uvisst for Fimreite om denne går til eit anna lensmannskontor, blir vraka eller om den blir ribba for politiutstyr og forsøkt selt i den sivilie marknaden.

– Stor forskjell!

Den nye Mercedesen kom til Os for ein liten månad sidan.

I går var den i bruk på ein liten trafikkontroll ved Byvegen, der 14 bilførarar var kontrollerte for promille og alle var edru.

– Dei største forskjellane på gamal og ny bil er køyreeigenskapane, at den er meir som ein stor personbil enn ein kassabil - utstyr og innreiing, alt har sin faste plass og det er lågare risiko for at noko blir liggande laust i bilen, og kommunikasjon - her har vi samband, navigasjon og styring av alt elektronisk på éin og same skjerm, seier Fimreite.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.