Sport | 07. mai 2018

Os Fotball får eige brød

Hagavik Hjemmebakeri med sponsorinitiativ, Mats Cato, Vy og Tore Kleppe blir modellar for brødposane.

Os Fotball får eige brød
Vy Nguyen og Mats Cato Moldskred er modellar for brødposen til Os Fotball-brødet. Benedikte Arentzen frå Hagavik Hjemmebakeri innfelt. (Foto. Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. mai 2018 09:14

Familieverksemda Hagavik Hjemmebakeri sel brød og kaker for 20 millionar kroner i året. Folk reiser frå Bergen til Os for å sikra seg bestseljaren, grovbrødet. No har bakeriet laga ei eigen oppskrift til eit brød som skal gje inntekt til Os Fotball.

– Vi har aldri gjort noko liknande før, sett vekk frå at vi har engasjert ein lokal barnehage til å laga design på ein av brødposane våre, fortel konditor Benedikte Arentzen.

Fotballbrødinitiativet kom frå eigar og gründer Arne Arentzen.

– Far var på Brann-kamp og var veldig entusiastisk då han kom tilbake. Han var imponert over stemninga og engasjementet til publikum, og fekk lyst å gjera noko for lokalfotballen.

SK Brann og Statsraad Lehmkuhl får inntekter av sal av brød. Det gjer òg fleire fotballklubbar andre stadar i Noreg.

– Vi vil laga eit sunt brød, men utan heile korn, sånn at det er godt eigna også for dei yngste.

– Etter møte med Os Fotball, saman med dei som lager brødposar for oss, bestemte vi oss for å gå i gang.

Ein pose som kan gi premie

Dagleg leiar Endre Brenne blei overraska og glad for for initiativet.

– Fotballbrød har vore ein stor suksess om mange norske byar og tettstadar, kanskje kan dette bli eit viktig bidrag til dei mange medlemmane våre òg.

– Det blir uansett veldig kjekt å samarbeida med Hagavik Hjemmebakeri og butikkane i Os om dette, og det er ekstra stas at initiativet kjem frå eit lokalt bakeri med lange tradisjonar.

Mens bakeriet er klare til å baka brødet førebur Os Fotball seg på innhald på den nye brødposen.

I førre veke blei to av goalgettarane på herre- og damelaget, Mats Cato Moldskred og Vy Nguyen, fotografert. Seinare skal supporter og eldsjel Tore Kleppe framfor kamera.

– Brødposen skal få eit tydeleg Os-preg, i tillegg skal den bli verdt å ta vare på. Posane blir nummererte, og dei som tar med brødpose på heimekamp er med på loddtrekking av fleire premiar i løpet av kampen, fortel Brenne.

Ein bestseljar hos Rema

Kor mange Os-brød som skal bakast per dag, og kor mange kroner per brød som skal gå til det lokale idrettslaget, er førebels ikkje bestemt.

Butikken som sel flest brød frå Hagavik Hjemmebakeri er Rema 1000 Kuven stasjon.

– Kva volum kan du rekna med på éin enkelt brødtype?

– Vi har ein del variantar, nokre sel vi berre 10-15 brød av for dagen, andre sel vi fleire hundre av, fortel kjøpmann Trond Hope.

Han seier trenden har snudd frå fokus på pris til fokus på innhald og kvalitet.

– Før var Kneipp og Wittenberg, dei to billigaste typane, klare bestseljarar. No er dei langt nede på lista. No er det grove og sunne brød folk vil ha. Dei fleste har sine favorittar, men vi et så mykje brød at folk òg varierer litt, seier Hope, som har tru på godt volum for det komande nye fotballbrødet.

Oppskrifta og omnen står klar på bakeriet, men brødposen er førebels ikkje i produksjon, fleire butikkar skal inviterast til å vera forhandlar og brødet skal ikkje i fullt sal før etter sommarferien.

– Men det kan koma nokre smaksprøvar på Kuventræ, for eksempel under Eat Move Sleep-cupen i juni, seier Benedikte Arentzen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.