Sport | 19. jan. 2018

Os Fotball med ski-challange på Frotveit

Fantastiske forhold og prestisjetunge oppgjer då A-laget testa formen tre veker før vinter-OL.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. jan. 2018 10:32

Bildeserie:

Fantastiske forhold på Frotveit torsdag kveld. (Foto: KVB)
Fantastiske forhold på Frotveit torsdag kveld. (Foto: KVB)
Klar for strileoppgjer: Frode Storebø og Marius Mikkelsen. (Foto: KVB)
Klar for strileoppgjer: Frode Storebø og Marius Mikkelsen. (Foto: KVB)
Kvile og Cardoso heldt seg ved grillen. (Foto: KVB)
Kvile og Cardoso heldt seg ved grillen. (Foto: KVB)
Men Villén stilte med stort smil og lange skifeller. (Foto: KVB)
Men Villén stilte med stort smil og lange skifeller. (Foto: KVB)
Pølser og pokalar sto klare. (Foto: KVB)
Pølser og pokalar sto klare. (Foto: KVB)
Starten på 3 km - dei eldste fremst. (Foto: KVB)
Starten på 3 km - dei eldste fremst. (Foto: KVB)
Vegard (t.h.) var lite nøgd med å hamna bak Endre. (Foto: KVB)
Vegard (t.h.) var lite nøgd med å hamna bak Endre. (Foto: KVB)
Pallen på 3 km: Hjertnes, Hafsås og Brenne. (Foto: KVB)
Pallen på 3 km: Hjertnes, Hafsås og Brenne. (Foto: KVB)
Pallen på sprint: Hjertnes, Hafås og Søvik. (Foto: KVB)
Pallen på sprint: Hjertnes, Hafås og Søvik. (Foto: KVB)
God lagbygging og ingen skade på silkeføret. (Foto: KVB)
God lagbygging og ingen skade på silkeføret. (Foto: KVB)
1 av 10

Tre kilometer og sprint sto på programmet då A-stallen til Os torsdag kveld, 22 dagar før vinter-OL i Sør-Korea, stilte til start i den 3 km lange lysløypa på Frotveit.

Fantastiske forhold og idylliske omgjevnadar venta både deltakarar og tilskodarar.

• Meir om lysløypa på Frotveit på skifore-bergen.no

– Eg trur dette blir ein fin kveld. Her får vi både mosjon og god lagbygging, seier hovudtrenar Karl Kvile.

– Du er ikkje redd for skadar i troppen før sesongoppkøyringa?

– Alt kan skje. Det gjeld på fotballbanen og på fritida. Men dette er spreke karar, eg reknar med at dei fint klarer ein runde på ski utan at risikoen for skade skal bli for stor.

Utlendingar, austevollingar og skrytepavar

Kvile kunne tatt feil - på førehand hadde spelarane snakka seg sjølv og andre både opp og ned.

Nokre spelarar sto over grunna skade, andre grunna mangel på ski på beina ved fødselen.

– Eg har aldri stått på ski før, og i dag trur eg ikkje er rette dagen å debutera, seier portugiske Divaldo Cardoso.

Han var frivillig grillvakt med Kvile mens Os sin andre utlending, Rafael Villén Villén stilte opp med plan om å cruisa inn på sisteplass.

– Kvile spurde om eg ikkje ville ta skifellene av. Då spurde eg om han ville eg skulle spela denne sesongen eller ikkje.

Mens 1 av 2 utledningar stilte til start, var 2 av 3 austevollingar òg nokolunde klare. Alexander Dale fann ikkje fram til Frotveit, men Marius Mikkelsen og nysignerte Frode Storebø stilte med ulik bakgrunn.

– Det er avgrensa med erfaring på oss som har vakse opp i havgapet, seier Mikkelsen.

– Eg har hatt hytte på Kvamskogen i 20 år, så eg skal i alle fall slå Marius, sa Frode.

Ung vs gamal

Ein annan med genar frå skjergarden, Steffen Kvamsdal, hadde endå meir sjølvtillit før start.

– Eg fekk éin skitur i fjor, då var det tre år sidan sist. Men eg er nok favoritt, sa Kvamsdal, som i løpet var nærmare spanjolen Rafael enne resten av lagkameratane.

Han som skåra best på fysisk kondisjonstest før jul, som har vakse opp i ein Sport Norge-familie, er Vegard Strønen Skeie. Han ville ikkje ha noko favorittstempel på seg.

– Eg har stått mest nedover. Men eg skal slå Endre Brenne, det er det viktigaste.

Suverén Hafsås

Endre Brenne, Torkel Hjertnes og Christoffer Hafsås var frå før spådd i koma på pallen. Brenne gjekk langrenn i Strandebarm som unge og Hjertnes trente langrenn førre vinter, før han bestemte seg for likevel å spela vidare for Os.

Hafsås har tidlegare vore vestlandsmeister i skiskyting, og konkurrerte mot blant andre Johannes Thingnes Bø.

– Johannes ja, eg slo han heile tida. Men eg la opp for ti år sidan, det er Torkel som er favoritt, sa Hafsås før start.

Christoffer er fetter til tidlegare skiskyttar Ronny Hafsås, som i 2009 testa langrenn, og overraskande slo Petter Northug, vann verdscupen og kvalifiserte seg til OL.

I mellomtida gjekk Brenne desperat og leitte etter Klas Færøvik. Klas frå Opptur Motbakkeklubb, som var ei stor gruppe i trening i same løype, hadde lovd å smøra skia til Brenne, og fekk levert akkurat i tide.

Ingen tok eksakt tid, men dei raskaste kom i mål på godt under 10 minutt.

Topp 6, 3 km:
1. Christoffer Hafsås
2. Torkel Hjertnes
3. Endre Brenne
4. Vegard Strønen Skeie
5. Simon Moberg Søvik
6. Sander Kvittingen

Etter pause og pølse var det tid for sprint. Dei to beste frå kvart heat gjekk til finale

Sprint-finalen
1. Christoffer Hafsås
2. Torkel Hjertnes
3. Simon Moberg Søvik
4. Endre Brenne

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.