Sport | 15. sep. 2015

Os friidrett nådde nye høgder

Opningsstemnet i helga: Fleire osingar sette ny pers og éin av deltakarane sprang årsbeste i Noreg på 800 meter.

Os friidrett nådde nye høgder
Sofie Olsvold Hausberg hoppa lengst og høgast – og sprang fortast, under opningsstemnet i helga. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. sep. 2015 12:56

Bildeserie:

Her er mykje kraft og kompetanse samla på éin stad.  (Foto: KVB)
Her er mykje kraft og kompetanse samla på éin stad. (Foto: KVB)
Heile Os Idrettspark var i bruk, også med kule og spyd. (Foto: KVB)
Heile Os Idrettspark var i bruk, også med kule og spyd. (Foto: KVB)
Oskar Riis Gulbrandsøy, Håkon Strømland Johnsen og Erik Øye
Oskar Riis Gulbrandsøy, Håkon Strømland Johnsen og Erik Øye
Med over 450 startar blei det mange premiar å dela ut. (Foto: KVB)
Med over 450 startar blei det mange premiar å dela ut. (Foto: KVB)
Kristin Davanger er ein av dei som har halde liv i friidretten i Os. (Foto: KVB)
Kristin Davanger er ein av dei som har halde liv i friidretten i Os. (Foto: KVB)
Gabriel W. Michelsen tok seg ein tur på to hjul før han sette ny pers. (Foto: KVB)
Gabriel W. Michelsen tok seg ein tur på to hjul før han sette ny pers. (Foto: KVB)
Opningsstemnet var godt bemanna og blei gjennomført med stil. (Foto: KVB)
Opningsstemnet var godt bemanna og blei gjennomført med stil. (Foto: KVB)
Fleire raske frå Os på 100 meter for J15. (Foto: KVB)
Fleire raske frå Os på 100 meter for J15. (Foto: KVB)
Mons Martin Borgen sette ny pers på 100 meter. (Foto: KVB)
Mons Martin Borgen sette ny pers på 100 meter. (Foto: KVB)
1 av 9

– Vi var godt førebudd med bra bemanning, men no er vi heilt utmatta. Det blei nokre travle døgn, men det var veldig kjekt, seier Sverre Mowinckel-Nilsen frå Os Turn friidrett til Midtsiden måndag, dagen etter ei vellykka helg med opningsstemne og offisiell opning av Os Idrettspark.

– Bortsett frå litt tekniske utfordringar etter at vi la inn etterpåmeldte, som fekk alle startnummer til å forskyva seg, så gjekk det veldig fint å avvikla stemnet.Vi fekk også mange fine tilbakemeldingar på anlegget frå deltakarane frå tilreisande klubbar.

Les òg:
Treffsikker opningsplan
Favorittane vann politikarstafetten (med video)
Persa med 10 cm (med video)
Takka Mohn, Moberg og Borgen

– Vi er glade for alle påmeldte, rundt 150 ulike deltakarar med over 450 startar, for publikum som stilte opp og for alle som hjelpte til, ikkje minst speakerane Jan Helge Corneliussen og Tor Kleppe frå naboavdelinga vår, fotballen.

Mons Martin persa på 100 meter

Hans-Magnus Haukøy frå Gneist vann 800 meter med tida 2.04,99, som skal vera årsbeste i Noreg i klassen G14. Fleire frå arrangørklubben Os sette nye personlege rekordar.

– Gabriel Walden Michelsen (G15) sette ny pers i høgde, då han hoppa 1,68 meter, Sofie Olsvold Hausberg (J15) vann både 100 meter (14,10), lengde (4,71 m) og sette ny pers i høgde (1,43 m), fortel Sverre.

Også Sondre Herrevold (G17) persa i høgde, med heile 10 cm, sjå video av hoppet.

Mons Martin Borgen (senior) prøvde seg på ny pers, men kom seg ikkje over 1,91 meter. På 100 meter gjekk det betre, her blei det ny bestenotering med 11,58.

osturn.no finn du alle resultata frå stemnet.

I kappgang gjekk Erik Tysse 3000 meter på 11,32, Joakim Sælen kom på 2. plass med tida 12,26. Nora Søreide (J10) frå Søfteland TIL gjekk 1000 meter på 6.08,8.

– Mykje kjekkare å vera på trening

Blant deltakarane Midtsiden snakka med på første stemnedag, laurdag, er Håkon Strømland Johnsen, som blant anna kom på 3. plass på 100 meter.

– Eg trente friidrett då eg var 8-9 år gamal og har nettopp byrja igjen. Eg er med på fleire greiner, det er for tidleg å velja spesialisering no. Men eg trur eg er best på 100 meter og spyd, seier Håkon.

Dei jamgamle kameratane Oskar Riis Gulbrandsøy og Erik Øye fekkogså premiar på stemnet.

– Det er veldig kjekt med stemne på heimebane, og at anlegget er blitt så fint. Det er mykje gøyare å gå på trening no enn før, seier dei to.

Til Barcelona neste månad

Utandørssesongen er snart slutt, men nokre av utøvarane i Os TF friidrett skal snart forlenga sommaren.

– I haustferien skal eit reisefølgje på 20, der 15 av dei er utøvarar, til Barcelona på treningsleir. Vi har vore der før og dei får nok ei flott oppleving, trur Mowinckel-Nilsen.

Her kan du lesa om, og sjå bildeserie, frå Os friidrett sin treningsleir i Barcelona i 2013.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.