Lokal | 08. juni 2016

Os + Fusa – for dummies

Folkemøte, meiningsmåling og avgjerd - her er 5 ting du bør veta om prosessen med kommunesamanslåing.

Os + Fusa – for dummies
I kveld vil ordførar Terje Søviknes og kommunen informera om prosessen rundt kommunesamanslåing og intensjonsavtalen med Fusa (foto: AH)
Andris Hamreonsdag 08. juni 2016 10:25

Tysnes hoppa av. Fusa gjekk ut - og inn igjen. Samnanger fridde, blei avvist og gjekk til Kvam. I mellomtida har du kanskje ramla av lasset? Korleis blir prosessen for Os sin del?

  • Brosjyre med informasjon er sendt ut. Denne informasjonen finn du også digitalt
  • Klokka 18 i dag er det folkemøte i Oseana.
  • Torsdag og fredag er det meiningsmåling, kor eit representativt utval av osingar blir ringt opp frå Sentio Research.
  • Måndag 13. juni vil resultata frå meiningsmålingane truleg vera klare og bli presentert
  • Onsdag 22. juni skal kommunestyra i Os og Fusa fatta avgjerd i saka.

Vi har stilt ordførar Terje Søviknes 5 spørsmål om prosessen vidare.

1. Kvifor er dagens folkemøte viktig?

– Det er ein viktig arena, saman med informasjonsbrosjyren, for å informera om prosessen og den framforhandla intensjonsavtalen vi har med Fusa. Men det er òg ein viktig lyttepost for oss politikarar for å høyra kva osingane meiner. Eg håper vi kan få fram synspunkt både for og mot ei samanslåing.

– Vi skal ha ei meiningsmåling dei to komande dagane, men folkemøtet, saman med dei innspel vi får gjennom sosiale medie, er viktige kjelder for oss som skal ta beslutninga den 22. juni.

2. Kor mykje får resultatet av meiningsmålinga å seia?

– Meiningsmålinga skal gjerast blant eit representativt utval og blir eitt av fleire element dei einskilde kommunestyrepolitikarane og partigruppene må ta med i vurderinga si.

– Det vanskelege i denne saka er at vi ikkje veit 100 prosent kva vi får, uansett om vi blir ståande åleine eller om vi slår oss saman med Fusa. Endringane i inntektssystemet for kommunane seier noko om at det blir verre å vera frivillig liten. Eit hovudmantra i det nye inntektssystemet er at ein i større grad vil vri kommunen sine inntekter til kroner per innbyggar, i staden for kroner per kommune.

– Eg trur det blir viktig for oss politikarar å klara å løfta blikket litt og tenkja i generasjonsperspektiv både i høve regional utvikling, men òg lokalt. Det er store utfordringar som skal løysast i framtida, både kampen om gode fagfolk, folkevekst og infrastruktur, for å nemne noko. Inputen frå innbyggjarane, både i folkemøtet og i meiningsmålinga er eitt av mange element.

3. Kva er det kommunestyret skal ta stilling til i juni?

– Då skal kommunestyret seie ja eller nei til ei samanslåing med Fusa.

4. Kva er neste steg i prosessen?

– Etter at vi har sagt vårt den 22. juni skal vår avgjerd sendast vidare til Fylkesmannen. Han har frist på seg til 1. oktober med å skissera korleis han meiner kartet over Hordaland skal sjå ut. Han skal både ta omsyn til dei lokale vala og prosessane, men òg vurdera kva som er best på eit fritt grunnlag.

– Fylkesmannen sin konklusjon, saman med dei lokale vedtaka, blir så sendt til departementet som gjennom vinteren skal jobba fram ein proposisjon som seier kva regjeringa meiner, som så stortinget skal ta endeleg stilling til neste vår.

– Føringane på nasjonalt nivå er at det ikkje skal bli lagt opp til ein massiv tvang, men at det kan vera enkelte case, som ein frå objektivt ståstad seier at likevel skal slå seg saman. Det kan til dømes vera om det er stadar der to kommunar kvar for seg har sagt ja og nei.

5. Har du inntrykk av at innbyggarane veit nok til å meina noko om kommunesamanslåing?

– Dette er veldig krevande. Det er eit stort sakskompleks med mange usikre faktorar. Fullt overblikk er det nesten umogleg å ha, også for kommuneleiinga og oss folkevalde. Ein kan ikkje venta at innbyggjarane har eit klart bilde av det, men eg håper ein tek til seg det som er tilgjengeleg av informasjon og gjer seg opp ei meining på bakgrunn av det.

– Til slutt er det kommunestyret, som er innbyggjarane sine tillitsvalde, som må ta vurderingane og avgjera på vegne av innbyggjarane.

– Den største misoppfatninga er nok at det er no i juni det blir avgjort. Slik eg ser det er det eigentleg då det byrjar. Det er då ein skal skapa grunnlaget for eventuelt å bygga ein heilt ny kommune opp frå botnen av. Det er store, tunge organisasjoner som eventuelt skal slåast saman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.