Lokal | 15. okt. 2019

Os gatelag startar nasjonal fotballcup

Fredrikstad og Viking er blant klubbane som kjem til Kuventræ.

Os gatelag startar nasjonal fotballcup
Klare for å ta imot 60-80 gatelag-spelarar. F.v.: Rune, Ole, Alexander, Johanne og Tor Arne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. okt. 2019 09:52

Os kommune og Vartun Oppfølgingstjenester sitt prosjekt «Livskvalitet» har vore ein suksess på fleire område. I 2016 stilte dei som B-Gjengen og stal 2. plassen i Dragebåtfestivalen, i 2017 spelte dei med nystarta gatelag 4-4 mot lokalt kjendislag, med spelarar som Sverre Lunde Pedersen og Eirik Søfteland, i ein strålande showkamp (sjå video) under Eat Move Sleep-cup.

• Les òg: Rustar opp Ervikane

Stallen inkluderer spelarar frå heile bygda, berre 1-3 av dei bur på Vartun. I dag tel laget 8-9 faste spelarar, men er på det meste over 15 på trening.

– Det er ein fin gjeng. Stemninga er god og intensiteten ganske bra, med mykje spel på små banar, fortel Alexander Dymbe.

Han jobbar på Vartun, og har fri om onsdagane, når det er trening. Men han deltar likevel.

– Vi har trent godt i rundt tre år no, men bortsett frå kjendiskampen og deltaking i Midtsiden Cup i fjor har det dessverre ikkje blitt nokre kampar på oss, seier Tor Arne Hitland frå Livskvalitet-prosjektet.

Målet var deltaking i NM i Arendal tidlegare i år, men kostnadane med å reisa blei for høge.

– Det er kjekt å trena, men det skal bli godt å få spela kamp. I MidtsidenCup fekk vi hard motstand, kanskje blir det jamnare kampar no, seier Ole.

Han er ein av dei faste spelarane på Os gatelag.

– Uansett blir det nok ein sosial og fin dag, legg han til.

Brukte 2-3 veker på å stabla ny cup på beina

Hitland har både prøvd å få til treningskampar mot Brann sitt gatelag, søkt på nett etter cupar for gatelag og vurdert å invitera fleire lag til Kuventræ. Så spurde han Os Fotbal sin assistenttrenar om hjelp til å laga ein cup.

– Rune Mo har vist engasjement for gatelaget frå han kom til Os i vinter, og har på eit par veker gjort ein kjempejobb med å organisera dette.

No er det klart at det blir cup for gatelag første laurdagen i november (helga før gatecupen Midtsiden Cup).

Minst 6 lag takka på kort varsel ja til å delta, og mange andre har sagt at dei kjem neste gong.

– Viking, Stord, Brann, Frelsesarmeen i Bergen og Fredrikstad stiller med lag. Strømsgodset, Molde, Stabæk, Ålesund og Vålerenga klarer ikkje å stilla no, men gav positive tilbakemeldingar og ba oss ta kontakt nese gong, fortel Rune.

– Nokre av klubbane kjem kanskje med fleire lag. Det ideelle hadde vore 8 lag.

Både gatelaget og Os Fotball ser at dette kan bli ein årleg cup, og har allereie plan om å køyra ein ny runde til våren.

• Les òg: Suksess med gatekunsprosjekt

Ein dag med fotball, yoga og fellesmåltid

Ved sidan av å hjelpa til med organiseringa av cupen, stiller Os Fotball med dommarar, utstyr, klubbhus og open kiosk.

Cupen skal opna klokka 11, helst med song, og mellom kampane skal det vera ulike andre tilbod. Som avslutting er det felles varmt måltid i klubbhuset for alle deltakarane.

– Vi køyrer Manchester United-kamp på storskjerm i klubbhuset, vi har fått tilbodspris for deltakarar som vil ha seg ein dukkert i Osbadet, og vi har fått låna konferanserommet til Os Idrettspark til å ha yoga, fortel Hitland.

Kollegaen Johanne Rotvik har utdanna seg til yogainstruktør (Back in the ring/Gangster Yoga), og køyrer gratis yoga i Os Yoga sine lokale éin dag i veka. Under gatecupen kan ho skapa smidigare og sterkare fotballspelarar.

– Tilbodet er ope for alle i målgruppa elles i året. Vi varierer i dag frå 2 til 5 deltakarar, så vi har plass til fleire, fortel Rotvik.

Eit forbildeprosjekt

Fram mot cupstart er arrangørane ute på sponsorjakt. Os Taxi stiller med gratis minibuss for Fredrikstad, som bur på hotell på Flesland, men òg andre sponsorar har kome til.

– Cupen i seg sjølv genererer ikkje nokre inntekter. Vi veit kor lite pengar eit gatecuplag kan ha, så det er ingen påmeldingsavgift. Men vi opplever at mange bryr seg, og håper å få inn litt støtte til dette tiltaket, seier Hitland.

– Samtidig er vi glade for at vi blir mange nok lag, og veldig takksame for god hjelp frå Rune og Os Fotball. Vi er litt stolte over å laga ein av dei første cupane for gatelag i Noreg.

– Det dukkar opp stadig fleire gatelag, særleg rundt eliteserieklubbane, då er det stas at Os er ein av dei som kan ta på seg noko sånt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.