Lokal | 07. sep. 2018

Os Gymnas blei Miljøfyrtårn

– Eg trur nøkkelen er at oppveksande generasjon får gode vanar i kvardagen, seier ordførar Marie Lunde Bruarøy (H).

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. sep. 2018 07:50

Os har ei rekkje verksemder med status som Miljøfyrtårn, frå vinmonopol og daglegvarebutikk til kulturhus og hotell.

I går fekk Os Gymnas same status.

Ordførar Marie Lunde Bruarøy sto for den formelle overrekkinga, som fann stad framfor elevane i gymsalen. Ny rektor ved Os Gymnas, Kjesti Daland tok imot sertifikatet.

Før overrekkinga tok driftsleiar Semir Mujanovic ordføraren med på omvising.

Fokus på miljø i 15 år

Stiftelsen Miljøfyrtårn blei danna 13. november 2003 og tilbyr miljøsertifisering som hjelper private og offentlege verksemder å driva lønsamt og miljøvenleg.

Miljøfyrtårn er eit norsk, offentleg sertifikat. Ordninga blir støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.