Handball | 13. mars 2022

Hadde 14 kampar igjen - no skal 2 spelast

Seks veker med nedstenging har øydelagt ein halv handballsesong.

Hadde 14 kampar igjen - no skal 2 spelast
Det har vore mykje fram og tilbake med resen av serieoppsettet etter nedstenginga frå desember til februar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. mars 2022 08:29

I pandeminedstenginga frå 15. desember til 1. februar, og kjølvatnet som følgde med kretsen si undersøking i klubbane og planlegging av resten av sesongen, fekk Os ni av seriekampane sine utsette.

Første kamp etter 39-29 over Fana 2 blei eit tomålstap for serieleiar BSI 19. februar.

Etter vinterferien skulle det bli tett med kampar. Serieavslutting var utsett frå 9. april til, for Os sin del, 8.mai.

Os skulle hatt heimekamp mot Bønes i går, men sånn blei det ikkje.

– Fleire klubbar har meldt inn at det blei vanskeleg å gjennomføra så mange kampar innan starten på mai, og handballkretsen har endra til at vi skal spela enkel serie, fortel Os-trenar Trond Budal.

Kan klatra til 5. plass

For dei som allereie har spelt to kampar mot enkelte lag, er det første oppgjer som er teljande.

– For vår del slår det greit ut. Vi har ingen vi har spelt to mot.

Os står med 5 sigrar, null uavgjorte og 5 tap og ligg på 8. plass på tabellen.

I staden for 14 kampar til blir det 2 til. Os kan verken rykka ned eller opp, beste plassering dei kan håpa på er 5. plass.

Motstandarane i sesongens to siste teljande kampar er:

  • 26. mars: Dale - Os
  • Uviss dato: Os - Askøy

– Det blir litt få kampar, men vi ønskje å spela mange av dei som er sette opp, sjølv om dei ikkje er teljande. Det er også eit signal frå kretsen, at vi skal spela mest mest mogleg.

Budal har vore i kontakt med fleire klubbar. Nokre vil møtast, andre synest programmet er tett nok, og har takka nei.

Dagen etter bortekampen mot Dale i Sunnfjord speler Os mot Florø. Då blir det tur med overnatting og litt sosialt mellom kampane, der søndagskampen altså ikkje er teljande.

Vil ha Askøy på heimebane

– Kampen mot Askøy har ikkje stad eller dato. Vi skulle hatt første kamp mot Askøy heime og andre kamp i serieavslutting i Sotra Arena 9. april.

– Sidan første kamp skulle gått i Oshallen, meiner vi den bør spelast her. Det har vi også spelt inn til kretsen, så får vi sjå korleis og kor tid det blir.

Siste heimekamp komande torsdag?

Før vi veit om Askøy-kampen blir i Oshallen, ligg ein ikkje teljande kamp mot Bjørnar i neste veke an til å bli sesongens siste heimekamp.

– Vi tar imot tabelltoar Bjørnar førstkomande torsdag. Den er ikkje teljande, men spennande for vår del. Vi tapte sist, men meiner vi skal gi dei meir motstand denne gong, seier Budal.

Kampen startar klokka 19.

Tabell og terminliste blir ståande som før, med poengteljing også for kampar som ikkje er gjeldande - og så blir den avstemt til enkel serie når alle kampar er spelt.

– Det blir litt vanskeleg for utanforståande å følgja med på korleis laga ligg an, men det var teknisk sett den enklaste måten å gjennomføra på for kretsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.