Lokal | 23. des. 2010

Os har sove i timen

100.000 besøker Pepperkakebyen i Bergen denne månaden. Få osingar viser seg fram i utstillinga.

Os har sove i timen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. des. 2010 10:33

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Barnehagar, skular, bedrifter og privatpersonar har kvart år sidan 1991 vore med på å gjera Pepperkakebyen i Bergen til verdas største peparkakeby.

- Alle er velkomne til å bidra, også dei som kjem frå andre kommunar eller fylker. Eit år hadde vi Holmenkollen i utstillinga, i fjor var Nidarosdomen med, fortel dagleg leiar i Bergen Sentrum AS, Steinar Kristoffersen.

Nokre få frå Os, eller med interesser i Os, har også funne fram kjevla. Eit vegstykke i Hegglandsdalen står på ein fjellknaus med jernbane utanfor husdørene. Nede ved sjøen står fire blokker skilta med Os Sjøfront.

- Fleire bedrifter viser seg fram i utstillinga, de har ikkje noko imot reklameplassen dei får?

- Nei, vi er ikkje imot at bedrifter viser seg fram, vi er glad for alle bidrag.

I 2008 hadde Os, etter eit samarbeid mellom Os Turn Fotball, Os Sentrumsforening, Os kommune og fleire barnehagar i bygda, ei flott peparkakebygd i Visningssenteret i Hamnevegen.

Utstillinga viste Os sentrum i pepar, og dei fleste kjente bygningane var på plass. Ordførar Terje Søviknes stilte opp med ein heimebaka modell av Oseana, kunst- og kultursenteret som skal ha opningsfest i juni 2011.

Oseana hadde vore eit naturleg bidrag til årets pepperkakeby i Bergen, det hadde også Museet Lysøen vore, i jubileumsåret 2010.

- Vi hadde Ole Bulls villa frå Museet Lysøen eit år, og då vann dei pris. Det hadde vore kjekt å sjå villaen igjen, seier Kristoffersen.

Osbadet, som både er eit stilig bygg og ein attraktiv plass for mange utanfor Os kommune, bør vel også bakast til denne godt besøkte utstillinga i Bergen.

Pepperkakebyen i Bergen er open til og med nyttårsaftan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.