Lokal | 08. apr. 2019

Os har store landskapsverdiar

Ny analyse ser på 39 ulike område i Os - to av dei kjem ut med svært høg verdi.

Os har store landskapsverdiar
Slik ser Os ut - målt etter lanskapsverdi (sjå heile kommunen i bildefil under). (Ill: Asplan Viak)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmåndag 08. apr. 2019 11:00

Bildeserie:

Kor bur du - og kva landskapverdi har området? (Ill: Asplan Viak)
Kor bur du - og kva landskapverdi har området? (Ill: Asplan Viak)
Karianne Eriksen frå Asplan Viak presenterte analysen for plan- oh bygningsutavelet førre veke. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Karianne Eriksen frå Asplan Viak presenterte analysen for plan- oh bygningsutavelet førre veke. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
1 av 2

I samband med rullering av kommuneplanens arealdel har Os kommune fått utarbeida ein landskapsanalyse med fokus på naturdimensjonane i landskapet.

Landskapsanalysen er utarbeidd med utgangspunkt i Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvarens rettleiar «Metode for landskapsanalyse i kommuneplan». Det er nytta ein digital kartleggingsmetode der data om landskapet sitt innhald er samanstilt gjennom bruk av geografiske informasjonssystem (GIS) som både gjer analysen tilgjengeleg og etterprøvbar.

Peiker på dei viktige verdiane

Rapporten er utarbeida av Asplan Viak, og under møtet i plan- og bygningsutvalet førre veke møtte landskapsarkitekt Karianne Eriksen for å presentera arbeidet som er gjort.

Eriksen kunne fortelja at sjølve arbeidet har teke om lag eitt år. Overordna føremål med arbeidet har vore å få eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for langsiktig bruk og vern av areal i kommunen. Dette gjeld særleg Osøyro som kommune- og regionsenter og dei definerte nær-sentra Lysefjorden, Nore Neset, Søfteland, Søre Neset og Søre Øyane.

Landskapsanalysen har kartlagd og analysert ulike område sin landskapskarakter.

Føremålet med analysen frå Os kommune si side er definert i fire punkt:

• Grunnlag for fastsetting av byfjell/markagrense

• Identifisering og avgrensing av særleg verdifulle regionale og lokale landskapsområde

• Grunnlag for sikring av landskapsverdiar mot utbygging i fortettingsområde/sentrumsområde

• Grunnlag for krav til landskapsanalyse på reguleringsnivå

Os inneheld store verdiar

Eriksen var rask med å understreka at Os kommune sit på store landskapsverdiar.

I arbeidet har Asplan Viak delt kommunen inn i 39 ulike område. Dette på bakgrunn av synfaringar. I dei overordna analysane er landskapet i Os delt inn i delområde etter landskapskarakter.

Landskapskarakter er eit uttrykk for samspelet mellom naturgrunnlaget, arealbruken, historisk og kulturelt innhald, romlege og andre forhold som kan oppfattast- og som gjev området eit særpreg som skil det frå landskapet omkring.

Fire område; Svenningen-Møsnuken, Bjånes, Lyshornet og Lysøya vart ikkje teke med vidare i analysen då dei allereie er kartlagd, eller ikkje er rekna som aktuelle for tiltak eller planarbeid i området.

11 med høg verdi - to med svært høg verdi

Øvredalen og Lyseklosterdalen kjem ut som område med svært høg verdi i analysen med sitt kulturlandskap og kystfjelldal.

Blant dei 11 områda med høg verdi finn du mellom anna Hegglandsdalen (kulturlandskap), Solstrand-Moldegård (spreiddbygd dal/ kulturlandskap) og Ulvenvatnet-Kuventræ-Moberg (vassdrag og kulturlandskap).

– Kva kan vi ofra?

Etter presentasjonen til Eriksen var det fritt fram for politikarane å stilla spørsmål.

Espen Aspenes (Frp) undra om det var moglegheit til å få hjelp til å veta kva som kunne «ofrast“;

– Eg ser at det er er mange verdiar her, men kva med den vidare utviklinga av Os som samfunn?

Terje Sperrevik (TvS) var tydleg på at ein måtte nytta seg av det verktøyet som politikarane no hadde fått utdelt.
– Det vi ser her er reine fakta!

Kommunalsjef Aina Tjosås, minna utvalet på at ei slik analyse er pålagd av Staten som del av kommuneplanarbeidet.

Plansjef Tina Sinclair oppmoda avslutningsvis politikarene til å nytta analysen til hjelp når dei skulle vekta ting opp mot kvarandre i arbeidet med den vidare utviklinga av Os som samfunn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.