Os jenter 13 gjekk heilt til topps i si første turnering med sluttspel.

Os J13 med suveren siger i første cup

Os sine 2004-jenter spelte i helga sitt første sluttspel. Det blei ein parademarsj fram til ein thriller av ein finale.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

På bildet, bak frå venstre: Anna Rød, Maria Midtlid, Synne Emile Mjånes Tøssebro, Sultan Duvarci og Hilde Elisa Davidsen-Tingevatn.
Framme frå venstre: Leah Bårtvedt, Hedda Stamnes Lindbom, Nora Blindheim Nøss og Isabel Hjortland.

Os jenter 13 deltok søndag på Bergen Fotballfestival, deira første turnering etter at dei blei gamle nok til å spela sluttspel.

Etter gruppespelet sto jentene med siger i tre av tre kampar og imponerande 24-4 i målforskjell.

– Semifinalen blei òg lett match for Os-jentene, men så kom ein spennande finale, fortel trenarteamet, Kjetil Lyssand Lindbom, Robert Nøss og Bernt Ingve Rød.

Motstandar Åsane hadde vist gode takter gjennom turneringa, og det blei ein jamn kamp. Då det sto eitt minutt igjen var stillinga 3-3, men så klinte Hedda Stamnes Lindbom til og kort tid etter kunne spelarar, foreldre og trenarar sleppa jubelen laus.

Resultat, finale: Os - Åsane: 4-3
Mål: Lindbom (3), Rød (1)

– Dette var ein flott start på sesongen. Laget har ambisjonar om å ha det kjekt på banen, gjera det godt i førstedivisjon og håper på ny pokal under Sognefjord Lerum-cup i Sogndal til sommaren.

Fleire saker