Fotball | 11. nov. 2012

Os jr vann 10-1

Os sitt juniorlag blei puljevinnar i Lagunen Fotballfest med god margin. Sju andre lag frå Os og Nore Neset/Søre Neset er vidare i sluttspelet.

Os jr vann 10-1
Simen Lassen, her i Norway Cup i sommar, tok seg saman med resten av juniorane til Os lett vidare til kvartfinale i Lagunen Fotballfest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. nov. 2012 21:10

I helga spelte Os G19 ferdig pulja i Lagunen Fotballfest, og det blei litt av ein fest.

– Nymark 2 fekk to straffar imot, sidan vi trass i at vi ikkje har spelt serie, blei påmeldt som eit 2. divisjonslag, fortel Terje Kvittingen.

Os-keeper Martin Tysseland er stødig på straffar og fanga den eine av dei to straffane. Den eine straffeskåringa blei Nymark 2 sitt einaste mål i den målrike kampen.

Os - Nymark 2 10-1 (5-1)
Målskårarar: Egil Thuen 3, Roar Vestbø 2, Ørjan Glesnes, Steffen Ludvigsen, Glenn Krossøy, Simen Lassen og Håvard Grøteide.

Så venta Lyngbø i siste innleiande kamp. Der var det eitt straffe og eitt mål imot før start, også her gjekk resten Os sin veg.

Os - Lyngbø 5-1 (2-1)
Målskårarar: Simen Lassen 3, Fredrik Heggland og Sander Kvittingen.

– Eg er spesielt nøgd med at ikkje spelarane blir frista til å gjera ting åleine, vi held fram med å spela fint saman heile kampen gjennom, seier Kvittingen.

Os G19 møter førstelaget til Nymark i kvartfinale torsdag 15. november.

5 av 6 frå Os vidare

Blant ungdomslaga frå Os er 5 av 6 lag vidare. Os gutar 12 har, med nokre spelarar frå gutar 11, meldt seg på i klassen gutar 13 og tok seg i dag vidare til kvartfinale ved å slå Brann 4-2.

Os jenter 14 fekk handikapmål imot, men tok seg til semifinale då dei slo Frøya 3-1.

To av dei tre gutelaga til Os er framleis vidare, Os 3 blei slått 4-2 av Nordnes/Djerv i 1/16-finalen, Os 2 møter Minde 1 i 1/8-finale, Os 1 møter Nore Neset/Søre Neset i 1/8-finale tysdag 13. november.

3 av 4 frå Nore Neset/Søre Neset vidare

Nore Neset stiller med gutar 13 og jenter 14 i Lagunen Fotballfest, saman med Søre Neset stiller dei også i gutar 14 og gutar 16.

Jenter 14 spelte i dag kvartfinale mot Fyllingsdalen, som starta med handikapmål imot. Fyllingsdalen skåra i tillegg i første omgang. Nore Neset skåra eitt på straffe og styrte kampen, men klarte ikkje å putta fleire og er ute.

Gutar 13 har tatt seg til kvartfinale, det har også Nore Neset/Søre Neset gutar 14. Nore Neset/Søre Neset gutar 16 speler 1/8-finale mot Os 1.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.