Os Kickboxingklubb, som blei etablert midt på 90-talet, er frå januar 2017 lagt ned.
– Medlemmane har fått beskjed og vi har meldt det inn til forbundet, seier formann Thomas Jensen.
– Klubben blei starta som ei avdeling av Bergen Kickboxingklubb, eg trur det var i 1996 på treningssenteret Cha-Zet, og blei eit år eller to seinare registrert som eigen klubb.
For få eldre medlemmar
Jensen seier årsaka til at klubben blir lagt ned verken er rekruttering eller medlemsmengde.
– Vi har vore ein god gjeng på 15-20 på trening i haust, men vi har dessverre hatt for stort fråfall av ingdomar dei siste åra. Vi blir for få instruktørar.
Medlemsmassen består i dag av nesten berre 12- til 14-åringar mens Thomas, broren Christer og Vidar Kaastad er einaste instruktørar.
– Vi er glade for den gode rekrutteringa av unge, seinast før sommaren i fjor planla vi å starta eige barneparti. Men då ungdomane som skulle bli instruktørar ville gje seg så la vi planane på is. Når ungdomen prioriterer skule, reiser vekk eller skal i militæret så blir vi litt for få igjen, i tillegg til at vi ikkje å bygga den klubben vi ønskjer.
Gode år og gode utøvarar
Både verdsmeister frå 2009 Eirin Dale og europameister frå 2010 Ina Grindheim frå Os hadde sine første år i den lokale klubben.
– Vi har hatt mange gode utøvarar og mange gode år, for eksempel frå 2004 til 2006, og i 2010 og 2011, der vi òg hadde fleire aktive konkurranseutøvarar og var meir spreidd i alder.
Kan få hjelp frå Fana og Bergen
Dei avtroppande instruktørane har vore i dialog med kickboxingklubbane i Fana og Bergen, og understreker at medlemmane frå Os er velkomne andre stadar.
– For Bergen sin del kan det, om interessa blir stor, bli aktuelt å starta avdeling på Os. Men då må det nok fleire lokale eldsjeler på banen.
Graderinga i juni i fjor blei den siste i Os Kickboxingklubb, som ikkje har fornya leigekontrakten hos Sprek og Blid Os.
– Vi har hatt nokre fine år hos Sprek og Blid, og saman med alle som har vore medlem desse åra. Vi ønskjer alle lykke til vidare, seier Thomas Jensen.