Stein Gjøsund har vore brannsjef i Os sidan 2003. No reagerer han på at han er sagt opp. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Os kommune har sagt opp brannsjefen

Stein Gjøsund stiller seg uforståande til oppseiinga.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Midtsiden har over lengre tid, frå fleire kjelder, høyrd at det har murra i arbeidsmiljøet på brannstasjonen på Moberg. Vi har dessutan lagt merke til at brannsjef-stillinga i komande Bjørnafjorden kommune er ei av få, eller den einaste, einingsleiaren som framleis ikkje er bestemt.

Vi har fleire gongar vore i kontakt med rådmann Christian F. Fotland om temaet, utan å få uttale. Til no.

– Eg kan stadfesta at brannsjef Stein Gjøsund har fått oppseiing. Det har dei siste åra vore utfordringar med arbeidsmiljøet på brannstasjonen, seier ein ordknapp rådmann.

Det er ikkje ei enkelthending, men utfordringar over tid, som skal ha leia til at han med øvste ansvar for arbeidsmiljøet no må gå. Gjøsund skal ha fått tilbod om anna stilling i Os kommune. Oppseiingstida er fem månadar, noko som betyr at han kan stå i stillinga fram til 31. juli i år.

Stiller seg uforståande til oppseiinga

Gjøsund har vore brannsjef i Os siden han tok over etter Klaus Helland i 2003.

– Oppseiinga kom uventa. Eg kjenner naturlegvis til utfordringane våre, men stiller meg uforståande til reaksjonen frå kommuneleiinga, seier Gjøsund.

Brannsjefen er innstilt på å bli ståande i stillinga ut oppseiingstida. Det kan òg sjå ut som om han vil kjempa for å halda på jobben utover dette.
Gjøsund vil ikkje kommentera saka yttarlegare, men viser til advokat Einar Drægebø. Midtsiden har førebels ikkje lykkast i å få tak i Drægebø.

Under Gjøsund si leiing har Os fått både redningsdykkarar, etablert first responder-funksjon, styrka det tverrfaglege samarbeidet og etablert seg i ny brannstasjon på Moberg.

– Korleis vil du skildra Gjøsund som leiar?

– Eg kan ikkje gå inn på konkrete vurderingar i ei personalsak, seier rådmannen.

Lang prosess

Hovudtilitsvalt i Delta i Os, Åse Gjerde, seier det har vore utfordringar i organisasjonen over fleire år, men at det var først i 2016 det blei tatt grep.

– Dei siste tre åra har organisasjonen fått systematisk oppfølging på fleire nivå. Innsatsen har vore systematisk og grundig, seier Gjerde.

Os brann- og redningsteneste har rundt 27-28 tilsette, halvparten av dei i deltidsstyrke, 13 i faste fulltidsstillingar. 13 av dei tilsette er organisert i Delta.

– Trass omfattande oppfølging ser utfordringane ut til å ha vedvart, seier Gjerde.

Like god beredskap som før

– Os brann og redning leverer tenester i kritiske situasjonar og vi har dyktige og fagleg sterke mannskap som leverer når det brenn, og når det er andre relevante ting innbyggarane treng hjelp til, seier Fotland.

Gjøsund er på ferie. Fungerande brannsjef Arne Monsen orienterte dei tilsette om oppseiinga onsdag morgon.

– Utfordringane vi har hatt i arbeidsmiljøet har ikkje påverka tenestene vi leverer. Eg vil presisera at heller ikkje oppseiinga av brannsjefen vil påverka beredskapen i tida som kjem.

Heller ikkje varabrannsjefen ønskjer å skildra kva utfordringane har handla om.

Monsen skulle gått av med pensjon 1. mars i år, men har takka ja til å bli ståande nokre månadar ekstra grunna situasjonen.

Fleire saker