Jonas Hovland (t.v.) og Ludvig Egge Drange (oppe t.h.) er to av tre debutantar i går, Trym Hjørnevik (nede) spelte frå start for første gong, og skåra 1-0-målet. (Arkivfoto: KVB)

Os A-lag stilte ungt - vann KM-finalen 3-0

Tre ungdomar fekk debutera - og Trym Hjørnevik skåra i sin første kamp frå start.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Kampen om kretsmeistertittelen i 4. divisjon, mellom Os og Bergen Nord, var framskynda frå laurdag til torsdag.

Os vann avdeling 1 med 55 poeng (18-1-3) og 86-23 i målforskjell.
Bergen Nord vann med 52 poeng (17-2-3) og 72-32 i målforskjell.

– Dei var eit ok lag, og eit av få vi har møtt i år som har prøvd å spela sin eigen fotball, ikkje berre legga seg bak og satsa på kontringar, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.

– Kampen var jamn, men vi skapte klart flest sjansar, meiner han.

Til KM-finalen måtte Tim klara seg utan etablerte A-lagsspelarar som Torkel Hjertnes, Endre Brenne, kaptein Marius Mikkelsen, Rafael Villén Villén, og toppskårarane Mats Cato Moldskred og Christoffer Hafsås.

– Vi stilte ungt, og tre spelarar fekk debuten sin i 2. omgang. Gutane spelte med god energi, dei var på frå start til slutt. Denne appetitten håper eg dei tar med seg inn i 3. og 4. divisjon neste år!

Bergen Nord - Os 0-3 (0-1)

Trym Hjørnevik spelte sin første kamp frå start for A-laget. Fem minutt ut i kampen, på ein corner, sette den unge midtstopparen inn 1-0-målet til Os.

Øystein Takle Eide var innbytar. Han kom innpå etter pause og skåra både 2-0- og 3-0-målet.

Os frå start: Chris Sunde Midtun - Anders Havsgård, Alexander Dale, Trym Hjørnevik, Harry Moore - Erik Kanestrøm, Vegard Strønen Skeie - Alexander Tøssebro, Steffen Kvamsdal, Frode Storebø - Sander Kvittingen.

– Sander hadde ein strålande kamp i går, Han jobba knallhardt, og reiv og sleit i Bergen Nord-forsvaret.

Innbytarar med speletid: Kristoffer Røttingen, Øystein Takle Eide, Jonas Hovland (debut), Marius Een Lyssand (debut) og Ludvig Egge Drange (debut).

Fleire saker