Lokal | 01. apr. 2016

Os opp tre plassar

Os kommune klatrar tre plassar, til 65. plass på Kommunebarometeret, men fell kraftig på eldreomsorg og sosial.

Os opp tre plassar
Os kommune klatrer på KOmmunebarometeret til Kommunal Rapport (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 01. apr. 2016 09:29

Torsdag presenterte Kommunal Rapport dei foreløpige resultata av Kommunebarometeret. Alvdal i Hedmark toppar barometeret for første gang.

Os kommune klatrer tre plassar samanlikna med tala frå 2014 og hamnar på 65. plass.

– Vi er der vi skal vera. Vi held stand og er på riktig veg på totalen. Samstundes er det framleis rom for forbedring, oppsummerer ordførar Terje Søviknes (Frp).

Delvis store endringar

Kommunebarometeret for 2015, som mellom anna tek utgangspunkt i tala kommunane sjølv har rapportert inn via KOSTRA, er i år lagt om og fått nye kriteriar. Kommunal Rapport har difor omarbeidd tala frå 2014 slik at dei kan samanliknast med 2015.

Det er no totalt 12 underområder som blir vurdert.

Slik hamnar Os i dei ulike kategoriane (endring frå i fjor i parentes, positive tal er positivt, minus er negativt og fall på rangeringa):

Grunnskule: 203 (-4)
Eldreomsorg: 85 (-51)
Barnevern: 291 (72)
Barnehage: 318 (69)
Helse: 308 (29)
Sosial: 230 (-95)
Kultur: 318 (21)
Økonomi: 67 (13)
Kostnadsnivå: 17 (-7)
Miljø og ressurs: 64 (93)
Sakshandsaming: 64 (uendra)
Vann, avlaup og renovasjon: - ikkje målt

– Det er ikkje riktig alle resultata eg skjøner, så no må vi gå nærare inn i materialet og sjå på dei underliggande tinga. Administrasjonen er allereie i gang med dette arbeidet. Dei har jo meir eller mindre sett og venta på dei.

– Tidlegare rådmann Knut Terje Rekve var jo særs oppteken av kommunebarometeret og tilsvarande rangeringar. Er den nye rådmannen, Christian Fotland, like hekta på desse tala?

– Knut Terje var ein racer på dette. For han var det eit utgangspunkt for kontinuerleg forbetring. Slik eg leser Christian er han òg opptatt av det og å bruka det i kvalitets- og forbetringsarbeidet av tenestene våre, seier ordføraren.

Allment akseptert

Søviknes fortel at Kommunebarometeret har blitt eit viktig målereidskap i kommune-Noreg.

– Det merker eg når eg møter våre folk i andre kommuner. Tidlegare blei det stilte spørsmålsteikn ved talmaterialet, grunnlag og om desse var rett. Kanskje spesielt frå dei som skåra dårleg. Det er det heilt slutt på. Tala både i barometeret, og det kommunane rapporterer inn i KOSTRA er såpass gjennomarbeida at desse no er allment akseptert. Det er veldig bra når ein skal utvikle tenestene for innbyggarane, meiner Søviknes.

– No skal vi sjå kva kriterier vi skårar bra på og kva kriterier som vi skårar dårleg på. Vi skal jobba hardt for å klatra ytterlegare, avslutter ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.