Lokal | 03. mai 2019

Os ramma av Sesam-konkurs

– Vi taper ikkje pengar, men mykje tid, seier Jon Sivert Rykkel.

Os ramma av Sesam-konkurs
Det er no bom stopp for prosjektet med å få på plass ei parkeringsløysing for Os sentrum - Sesam Parkering AS, som skulle stå for oppdraget er konkurs. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 03. mai 2019 10:12

Det er Bergens Tidende som i dag melder at Sesam Parkering AS er konkurs. Bybanen og auka konkurranse skal vera årsakene til konkursen.

Tysdag denne veka tok selskapet vegen til tingretten og meldte oppbud, skriv Bt.no.

Os kommune inngjekk avtale med Sesam parkering om parkeringsløysing for Os sentrum i september 2018. Dette etter at selskapet vann anbodsrunden.

– Krevjande for oss

Næringskonsulent i Os kommune, Jon Sivert Rykkel seier til Midtsiden at dei vart varsla av av Seasam Parkering kort tid før konkursen var eit faktum.

– Vi har opplevd lite framdrift frå Sesam i det siste på å få på plass parkeringsløysinga, og når vi no ser kva som har skjedd skjønar vi årsaka til dette.

Rykkel seier at Os kommune ikkje taper pengar på konkursen, men arbeidet med å få plass ei parkeringsløysing for Os sentrum stoppar no heilt opp.

– Dette vert ein fot i bakken for prosjektet, og per no er det inga parkeringsløysing på gang for Os sentrum.

Har allereie starta arbeidet med å sjå på andre løysingar

Rykkel ser på konkursen til Sesam som ei kjedeleg, men uforutsett hending.

Han seier at Os kommune ikkje har jobba med ein alternativ plan undervegs, men administrasjonen er allereie i gang med å handtera det som no har skjedd;

– Vi har allereie byrja å jobba med saka, men eg kan ikkje seia om det vert aktuelt med ein ny anbodsrunde, eller korleis vi konkret skal få plass ei parkeringsløysing for Os sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.