Podkast | tre timar sidan

Os Rock City 8: Rockesjefen om framtida

Kjetil Osablod Grønvigh kom heim, etter fire år i London, til nesten tom stove i Teigenhuset . Kva tenkjer han om rockeklubben i dag og framover?

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. juni 2026 17:05

Os Rock City er ein ny musikkpodkast av Midtsiden frå mars 2026. Her kan du bli betre kjent med lokale musikarar i ulike sjangrar, få morosame tilbakeblikk og informasjon om aktuelle produksjonar og planar.

Programleiar: Ørjan Håland. I dag med sidekick Alexander Dymbe

Os Rock City 8: Rockesjefen om framtida

Dagens gjest: Kjetil Osablod Grønvigh

Intro/outtro: Manheads

Leiar i Os Rockeklubb, Kjetil Osablod Grønvigh, er dagens gjest. Han fortel om fire år på fulltid i London, ein visitt på MTV, framtidstru, rolla som «pappatrenar» for trommetalentet Grim – og svarer på 10 kjappe (og delvis ufine) frå Alexander Dymbe.

Sjå videokast i ruta over eller få berre lyden andre stadar du lyttar til podkast. Du kan òg lytta direkte frå ruta under:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?