Os Rock City: Frå Gaffeltruckers til Audrey Horne
Dagens gjest er Torkjell Rød, dagens sidekick er Olav Skorpen.

Os Rock City er ein ny musikkpodkast av Midtsiden frå mars 2026. Her kan du bli betre kjent med lokale musikarar i ulike sjangrar, få morosame tilbakeblikk og informasjon om aktuelle produksjonar og planar.
Programleiar: Ørjan Håland, i dag med Olav Skorpen som høgre hand.
Episode 2: Frå Gaffeltruckers til Audrey Horne
Dagens gjest: Torkjell «Toschie» Rød
Torkjell «Toschie» Rød (fødd i 1971) er vokalist og frontfigur i Audrey Horne, som vann Spellemannpris for debutalbumet sitt i 2005 og varma opp for AC/DC på utselt Valle Hovin i 2010.
I juni i år delar dei scene med Alice Cooper og Iron Maiden under Tons of Rock – i denne episoden kjem Torkjell med eksklusiv informasjon om ny musikk – og eit skjebnesvangert bandskifte ein gong på 1990-talet.
Programleiar Håland har i dag med seg sidekick Olav Skorpen (fødd i 1972).

Bassist Skorpen har lang fartstid som musikar i Os og bergensområdet, blant anna med Bjørn Hellfuck.
Dette blir neppe siste gong Olav deltar som ekspertkommentator og gjesteprogramleiar.
- Episoden er allereie lasta opp som lyd på Spotify og andre stadar der du lyttar til podkast.
- Os Rock City vil koma med minst éin ny episode i månaden. Neste episode kjem etter påske, då med urframføring av ein poplåt og prat om ein lokal musikkfestival.
Har du spørsmål eller innspel til denne podkasten? Kontakt programleiar på orjan@midtsiden.no.





