Lokal | 20. okt. 2019

Os Røde Kors spanderte ny hjartestartar

– Fekk med seg sponsorar for å erstatta hjartestartaren som blei stolen på Kuventræ.

Os Røde Kors spanderte ny hjartestartar
Marita Arentzen (t.v.) tok i går imot gåva frå Svanhild Steffensen frå Os Røde Kors. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. okt. 2019 09:45

Onsdag blei det oppdaga at ein av hjartestartarane på Kuventræ, den som heng utandørs på kiosken ved tribunen, er stolen.

Hjartestartaren har hengt der sidan november 2016, og redda eit liv i november 2017.

– Vi synest det er for gale at hjartestartaren blei stolen, og tok kontakt med nokre av samarbeidspartnarane våre for å spørra om dei ville vera med og spleisa på ein ny, fortel leiar i Os Røde Kors, Svanhild Steffensen.

Fløysand Tak, Elements Production og Alutec sa ja på strak arm. I tillegg fekk dei ein spesialpris av leverandør, Røde Kors Førstehjelp AS.

Resten av kostnaden bestemte eit samstemt styre i Os Røde Kors seg for å dekka med midlar frå Grasrotandelen og Pantelotteriet.

Sjeldan vare - heldivis

I pausen i gårsdagens kamp blei hjartestartaren overrekt frå Os Røde Kors til Os Fotball ved Marita Arentzen.

– Os Bygg og Eigedom gav i 2016 hjartestartar bygd for å henga ute også til fem andre idrettslag. Har dei andre fått henga i fred?

– Ja, heldigvis er det sjeldan vi høyrer om hærverk eller tjuveri som går ut over denne typen utstyr, seier Steffensen.

– Det einaste eg kjenner til er ein hjartestartar som hang innandørs, som forsvann, men det var på ein fest. Den blei levert tilbake dagen etter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.