Lokal | 13. aug. 2020

Os sentrum har luft i magen

Gamal kloakk har skapt trøbbel i Os hamn, no skal det prompast.

Os sentrum har luft i magen
Det gamle rørsystemet til kloakken i Os slit med gamal gass. (Foto: ØH)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 13. aug. 2020 11:03

Utanfor kaien i Os sentrum kan vi skimta eit gamalt røyr som stikk seg opp i overflata. Gitle Smaadal frå Bjørnafjorden brann og redning forklarer kvifor.

– Dette er det gamle utsleppsrøyret til Os. Dette røyrsystemet har ikkje vore i bruk sidan det nye røyrsystemet inn mot Ohara kom i drift.

– Det som mest sannsynleg har skjedd, er at det har vore restar av gamal kloakk i dette gamle røyrsystemet. Denne kloakken har ròtna, og det har blitt danna ein del gass. Dette har ført til at delar av røyrsystemet har stige til overflata, fortel Smaadal.

Gamalt rør med gamal gass. (Foto: ØH)
Gamalt rør med gamal gass. (Foto: ØH)

Tarmskylling

Røyrsystemet skal no handterast og senkast.

– No vert det festa 25 tonn med lodd på dette røyret, i tillegg skal vi spyla frå bakpluggen og skubba ut denne gassen. Røyret vart då fyllt med vatn, som òg vil bidra til at det synker.

Spylinga vil òg føra til at gassen kjem ut - i ein stor promp lengre ute i hamna.

Utsleppet av denne gamle kloakken og gassen vil skje ute i gamle «måsadotten», som ligg rett utanfor bølgebrytarane.

– Dette vil bli gjort i løpet av få dagar, så eg vil oppmoda publikum om å ferdast forsiktig kring dette røyret, avsluttar Smaadal.

I mellomtida kan vi håpa på frålandsvind dei neste dagane ...

Gitle Smaadal oppmodar til å ferdas forsiktig kring det gamle rørsystemet. (Foto: ØH)
Gitle Smaadal oppmodar til å ferdas forsiktig kring det gamle rørsystemet. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.