Os skuffa på Kuventræ
Tapte for Vestfossen.
Etter ein sterk start på haustsesongen blei det tap heime for Fana i førre runde.
Mot Vestfossen, som låg på 12. plass av 14 lag før dagens kamp, skulle sesongens første heimesiger i boks, men slik gjekk det ikkje.
– Det er skuffande både for oss og publikum. Vi har lagt bak oss ei god treningsveke, og hadde felles måltid og god opplading til kamp i dag, seier trenar Endre Brenne.
– Eg saknar den energien gutane spelte med i vårsesongen, og i dei første rundane etter ferien. Samtidig er vi ikkje gode nok mot etablert forsvar, noko eg tar på mi kappe. Vi har øvd på det, men tydelegvis ikkje nok.
Os - Vestfossen 0-1 (0-0)
Etter ein tam førsteomgang, der begge lag hadde to-tre sjansar, hadde Os ein del initiativ og ball etter pause.
Men verken innleg, cornerar eller frispark i gunstig posisjon gavskåring. Samtidig var Vestfossen skumle på fleire overgangar, men målet kom på ein corner i 75. minutt, i ein periode der Os trykte litt på.
Heimelagetsine største sjansar etter pause var ved Anders Havsgård, som kom åleine med keeper, Roger Ekeland som heada innlegg av Mikkelsen over mål og frispark av Mats Cato Moldskred. Os løfta seg litt då Rafael Villén kom innpå, og Villén hadde to skot rett utanfor stolpe.
Os speler neste kamp borte mot Strømsgodset 2. Neste heimekamp er mot Brann 2.