Sport | 02. feb. 2020

Os slo Askøy - Amanda blei toppskårar i debuten

Damelaget til Os tok sin andre siger på rad heime mot gamletrenaren.

Os slo Askøy - Amanda blei toppskårar i debuten
Amanda Kristin Holthe debuterte for Os i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. feb. 2020 20:09

Os tok i dag imot Askøy, gamletrenaren Gitter Torp og tidlegare lagvenninne Thiet Dang.

Os låg på 9. plass på tabellen med 4-1-10 før dagens kamp, Askøy låg på 5. plass med 6-0-8 og éin kamp mindre spelt.

Gjestane gjekk i føringa til 0-1 og 1-3, men etter 7,5 minutt var Os oppe i 6-5 - og med unntak av 11-11 heldt dei leiinga kampen ut.

Os - Askøy 30-28 (15-13)

Debutant Amanda Kristin Holthe sette Os sine to første mål for dagen. Ho blei skadd i ein duell før sju minutt var spelt, og kom ikkje på banen igjen før i 19. minutt.

Ho blei skadd i eitt eller fleire ribbein, og hadde òg eit opphald på benken i andre omgang. Men debutanten rakk til saman å skåra 8 mål (7+1 frå straffemerket) og blei toppskårar saman med Stine Eide (6+2).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.