Roger Ekeland, her mot Fana i fjor, blei matchvinnar frå straffemerket i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Roger Ekeland, her mot Fana i fjor, blei matchvinnar frå straffemerket i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Os slo Fana i treningskamp

Gjekk i leiinga tidleg i kampen, avgjorde på straffe etter pause.

Kjetil Vasby Bruarøy
01. februar 2020 - 16:04

Fana, som slo Os i to serierundar, NM og treningskamp i fjor, landa på 5. plass 6 poeng bak Lysekloster på 2. plass i Norsk Tipping-ligaen.

I dag tok dei imot Os, som hamna på 11. plass i fjor, til treningskamp på Nesttun.

Os gjekk i føringa ved nysignerte Thomas Spilde, og 0-1 sto seg nesten til pause.

Roger Ekeland sikra sigeren med 1-2-skåring på straffe i rundt 70. minutt.

Dette var Os sin andre treningskamp i vinter, i førre runde blei det 6-2-tap for Åsane. Då sto Ekeland bak begge måla til Os.

Les meir om

Fotball Os herre Sport