Sport | 15. mars 2019

Os tapte treningskamp for Stord

– Vi fekk ein svak start, og klarte ikkje å henta oss inn igjen, seier Endre Brenne.

Os tapte treningskamp for Stord
Sist laga møttest, i 2017, vann Os 6-3 (bildet). I dag blei det tap. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. mars 2019 21:12

Fredag kveld spelte Os treningskamp borte mot Stord.

Stord redda så vidt plassen i Norsk Tipping-ligaen (3. divisjon) både i 2018 og, på Os sin bekostning, i 2017.

Sist dei to laga møttest, i 2017, van Os 5-2 borte og 6-3 heime. I dag blei det braktap.

Stord - Os 3-0 (3-0)

– Vi starta passivt og hamna under 2-0 etter 7-8 minutt. Dei sleppte til i bakrom utan at vi passa på, og vi mista ballen på midtbanen og fekk kontring imot. Det blei litt enkelt for Stord, samtidig hadde dei fleire sjansar dei ikkje skåra på i starten på kampen, fortel Os-trenar Endre Brenne.

Vertane gjekk opp i 3-0 før pause. Stillinga sto seg gjennom heile andre omgang.

– Vi hadde sjansar vi burde ha skåra på i andre omgang, men det same hadde dei. Vi framsto som tunge i dag. Det er ikkje noko å henga med hovudet for, det var berre ein treningskamp, men utan at vi klarte å halda den intensiteten med og utan ball som vi ønskjer.

Os måtte klara seg utan Sander Kvittingen og austevollingane Alexander Dale, Frode Storebø i kampen, der Rune Mo spelte mot gamleklubben.

Os frå start: Chris Sunde Midtun - Anders Havsgård, Marius Mikkelsen, Vegard Strønen Skeie, Harry Moore - Rune Mo - Steffen Kvamsdal, Rafael Villén - Mats Cato Moldskred, Fabian Bødtker - Roger Ekeland.

Innbytarar med speletid: Alexander Tøssebro, Torgeir Lunde, Jonas Hovland, Henrik Sperrevik og Kristoffer Røttingen.

Os sin nestetreningskamp er heime mot Varegg onsdag 27. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.