Næringsliv | 06. des. 2016

Os Taxi har kjøpt sin første minibuss

Sjekk det nye gliset: – Den tar dobbelt så mange som maxitaxiane.

Torsdag blei denne minibussen henta, i dag var den ferdig dekorert som Os Taxi. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. des. 2016 16:19

Bildeserie:

Roger Gravelsæter og Øyvind Hellebø kjem til å krangla om å få køyra bussen. (Foto: KVB)
Minibussen er Os Taxi sin første og tar 16 passasjerar. (Foto: KVB)

1 av 5

Os Taxi har frå før 16 bilar, der tre av dei er maxitaxiar med plass til 8 passasjerar og inntil to rullestolar.

No har dei fått sin første minibuss, den har kapasitet på 16 passasjerar (og to rullestolar, men då på bekosting av nokre sete).

– Vi har samarbeid med Turbuss Vest, og sender fleire større grupper på tur. Men etterspurnaden frå større grupper veks, og med eigen minibuss er vi endå meir fleksibel, fortel medeigarane i Os Taxi SA, Roger Gravelsæter og Øyvind Hellebø.

Dei ser for seg at minibussen skal få køyrd seg ein del allereie i desember, med julebord og med Osfest sitt store konsert-arrangement på Nore Neset vesle nyttårsaftan.

Må bestillast på førehand

Minibussen er kjøpt ny og blei henta i Fredrikstad torsdag. Søndag var den på første oppdrag, jumfruturen gjekk med damelaget til Os til Førde for å spela handballkamp.

Om du trudde at du på strak arm kunne lokka halve Solsiden med deg på nachspiel, i éin og samme buss, trudde du feil.

– Minibussen kjem ikkje til å stå på haldeplassen på kva som helst dag, det blir eige telefonnummer for bestilling og den må bestillast på førehand.

Os Taxi har førebels nytta ein ekstern sjåfør til bussen, men er allereie i gang med å kursa eigne sjåførar til minibuss med inntil 16 passasjerar (D1).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.