Samferdsle | 01. feb. 2023

Os Taxi vil køyra skibuss og «nattbuss»

– Vi har fire 16-setarar som kan fyllast opp.

Os Taxi vil køyra skibuss og «nattbuss»
To av minibussjåførane til Os Taxi, Svein Hausberg og Ole Henning Kristoffersen, ser fram til å køyra ungdom og andre til fjells i veke 9. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. feb. 2023 13:34

I dag, mens Eikedalen Skisenter fortel om heile 40 cm nysnø, seier Os Taxi at dei vil køyra skibuss i vinterferien.

– Vi har tenkt på det før, og vi har tilsette med erfaring frå Osbuss, som i si tid køyrde skibuss. No var tida inne for å testa det ut, seier Tor Anders Hauge, styreleiar i Os Taxi SA.

I 2010, etter 10 år med skibuss, gav Osbuss seg med dette tilbodet.

– Vi startar roleg med tre av dagane i vinterferien, så vil responsen avgjera kva vi gjer i 2024.

– I utgangspunktet tenker vi måndag, onsdag og fredag, men når det nærmar seg vil vi sjå på vêrmeldinga, og eventuelt justera oss om nokre dagar skil seg ut med betre forhold.

Les ògSlutt for skibussen

Os Taxi køyrer ikkje i full busslengde eller i rute med «drop inn» for passasjerar.

Dei køyrer med 16-setarar og ski i tilhengar - og passasjerane må bestilla plass på førehand.

God plass

– Vi må ha minimum 10 påmeldte for å køyra. Men det er ikkje noko øvre grense.

– I utgangspunktet har vi tre 16-setarar, men vi har nyleg kjøpt ein ny og ventar til over vinterferien med å selja den gamle, så vi har fire 16-setarar den veka.

– I vinterferien er det ofte litt rolegare, så vi skal ha ledige sjåførar òg.

Tor Anders Hauge er spent på responsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tor Anders Hauge er spent på responsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Vi som transportør får grupperabatt i Eikedalen, og kan derfor gi ein god pakkepris på ski og transport.

– I tillegg får vi skikorta levert rett i bussen, så dei som reiser slepp å stå i kø for å henta ut skipass.

– Det er gjerne ikkje alle ungdomane som har sjåfør til fjells i vinterferien, eller vaksne som ikkje har bil eller eigna bil. Skibuss blir eit tilbod for både ungar og vaksne.

Auka kapasitet kveld og natt

Frå mars får Os Taxi også utvida kapasitet for passasjerar på veg til og frå fest.

– Det er ofte travelt for maxitaxiane våre, av og til er heller ikkje 8 seter nok.

– Men frå starten på mars organiserer vi oss sånn at vi kan ha minibuss med 16 seter på vakt frå klokka 19 til 03 laurdagskveldane og natt til søndag, fortel Hauge.

– Då er vi betre rusta til å køyra firma og større venegjengar.

Os Taxi har også byrja eit arbeid med å førebu auka kapasitet til komande julebordsesong.

– Vi vurderer å setja opp minibuss i faste ruter nattestid til enkelte krinsar, men det er noko vi i så fall må få godkjent av fylkeskommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.