Sport | 21. jan. 2017

Os TF friidrett kåra til årets satsingsklubb

Os Turn si friidrettsgruppe blei i kveld tildelt pris under «Kompetansehelgen 2017» i Stavanger.

Os TF friidrett kåra til årets satsingsklubb
Bjørn Michelsen og Jan Borgen saman med president Tore Hordnes (midten) i Norges Friidrettsforbund. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. jan. 2017 20:29

«Kompetansehelgen 2017» blir denne helga arrangertpå Clarion Hotel Energy i Stavanger, blant anna med foredrag av Johan Kaggestad.

I kveld har det vore kåring og prisutdeling, og Os Turnforening si fridrettsgruppe blei kåra til årets satsingsklubb.

– Då vi i fjor vår blei vald som ein av ti satsingsklubbar kom det ein representant frå forbundet og gjorde seg kjent med klubben. I oktober kom ho tilbake, og då hadde vi innfridd alle punkta ho sette opp for oss, fortel leiar Sverre Mowinckel-Nilsen.

• Les òg: Os vald til satsingsklubb

Sverre hadde sjølv ikkje sjanse til å stilla i Stavanger, men idrettslaget er representert ved Jan Borgen og Bjørn Michelsen.

– Vi hadde likevel ikkje venta å vinna prisen som best av desse ti idrettslaga, så dette var ei gledeleg overrasking, seier Sverre.

– Det var i utgangspunktet ingen av oss som hadde tid til å delta i Stavanger, men då vi fekk veta om prisen så førebudde Bjørn eit foredrag og reise ned saman med Jan.

– Styre og gjennomføringskraft

Michelsen seier han og Borgen har stort utbyte av kompetansehelga, og at det blei ein fin seremoni saman med rundt 200 andre friidrettsfolk.

Han fekk òg fine tilbakemeldingar på foredraget sitt.

– Eg fortalte om det vi har lykkast med og hadde hovudfokus på gjennomføringsevne, at vi har fullført det vi har planlagt. Vi har eit svært godt styre og vi prøver å ha god kommunikasjon både internt, med medlemmar og foreldre, og med kommune og media, seier Bjørn.

Tredobla medlemstal

Blant fokuspunkta forbunde sette opp for Os friidrett var organisering, rekruttering og arrangering av stemne.

– Dette var blant årsakene til at vi prøvde å bli satsingsklubb, vi ville læra. I 2016 arrangerte vi fleire stemne enn planlagt, og vi hadde blant anna «Friidrettens dag» med stor suksess.

• Les òg: Heile 70 barn på friidrettens dag

– Rekrutteringa har vore god heilt sidan nytt anlegg, Os idrettspark, blei opna hausten 2015.

– Eg har ikkje eksakte tal her, men eg trur medlemstalet har auka frå cirka 40 til 120 friidrettsutøvarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.