Sport | 04. aug. 2017

Os til finale i Norway Cup!

Os G17 med suveren siger i semifinalen.

Os til finale i Norway Cup!
Os G17 stiller med to lag i Norway Cup. Dette laget er klare for finale i A-sluttspelet.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. aug. 2017 16:20

Etter 2-0-siger i kvartfinalen i formiddag spelte Os G17 i ettermiddag semifinale i A-sluttspelet mot Kolbotn IL.

Kampen enda med 4-0-siger til Os!

Trym Hjørnevik gav Os 1-0-leiing tidleg i kampen, Alexander Tøssebro auka til 2-0 på noko som, av foreldre på sidelinja, blir skildra som ei perle av ei skåring.

Hjørnevik auka til 3-0 før Tøssebro sette inn 4-0 på straffe.

Finalen går laurdag klokka 15.50 på Ekeberg bane 1.

Denne blir ein rein vestlandsfinale, Os møter Sotra, som slo Austrheim 2-0.

Finalen blir vist direkte på TV2 Sportskanalen, og i opptak klokka 18.40 laurdag kveld.

– Full av overskot

Laget består i hovudsak av spelarar som speler på Os sitt førstelag på G19 i serien, dei fleste er fødde i 2000, med noko hjelp frå yngre årgangar. Då mange sisteårsjuniorar ikkje kunne bli med til Oslo i år, meldte desse seg på som G17, mens Os berre hadde eitt G19-lag med i turneringa.

– Eg har 19 spelarar med seg. Alle var skadefrie etter innleiande rundar, bortsett frå keeper Peter Armstrong, som fekk ein smell i låret i første kamp, fortel trenar John Ole Johannessen.

Marius Lyssand vakta buret i andre kamp, Trym Hjørnevik i tredje.

– Trym tok sistemann, fekk raudt kort og karantene - men stilte med eit voldsomt overskot i dag, seier John Ole om tomålsskåraren.

Middag på klubben si rekning

Det er mange år sidan sist Os hadde eit gutelag i finalen i det som er verdas største fotballturnering.

– No har vi jogga ned, så er det på hotellet og dusja. I kveld skulle vi få middag på klubben si rekning, fortel Johannessen.

Han takkar sambygdingar for ein strålande dag på Ekeberg.

– Det har vore eit voldsomt trøkk her oppe i dag, med to kampar på både gutane mine og jentene frå Nore Neset.

– Utruleg kjekt at alle kampane har gått på Ekeberg. Vi har heia på kvarandre og stemninga har vore fantastisk!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.