Os tok poeng borte mot Fana

Avslutta også denne med ti mann.

Kvittingen, her i treningskamp mot Fana tidlegare i sommar, gav i dag Os leiinga i 23. minutt. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. aug. 2021 16:58

Os slo Ready 2-1 i serieopninga, Fana tapte 6-1 borte for Frigg.

I dag møttest Fana og Os på det som for tida er Fana sin heimebane, Varden i Fyllingsdalen.

Fana - Os 1-1 (1-1)

Sander Kvittingen gav Os leiinga i 23. minutt, Fana utlikna rett før pause.

Os fekk høyreback Anders Havsgård utvist då han i 73. minutt fekk sitt andre gule kort.

Som mot Ready i serieopninga førre helg, måtte Os avslutta med ti mann, men 1-1 sto seg kampen ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.