Os-trenar skåra mot Os
Frank Hellevik spelte oldboysfotball for Baune sundag - mot laget frå klubben han sjølv trenar.


- Os har eit veldig godt oldboyslag, så eg hadde venta meg hardare motstand, seier Frank Hellevik.
I går hadde han blitt kalla inn for å spelar for klubben han tidlegare trente, Baune, i kamp mot Os. Hellevik, som ikkje har spelt fotball på rundt 5 år, takka for invitasjonen med éi skåring, éin målgjevande og eitt annulert mål.
- Keeperen vår skaut ut over målstreken, så då blei målet annulert.
Lurte far til "Leik"
Frank Hellevik er hovudtrenar for A-laget til Os, der Vegard Leikvoll Moberg er ein av spelarane. Det første Hellevik gjorde i går var å lura pappa Tryggve Moberg før han sette inn 1-0 til Baune.
- Eg måtte senda ei tekstmelding til Vegard etter kampen, for å spørra om faren var svimmel enno, ler Frank.
Baune leia 1-0, men Os utlikna. Så tok Baune leiinga igjen før pause, men i andre omgang blei osingane for sterke.
Gjestane, som var ganske prega av konserten og Vårsleppet laurdag, vann til slutt 3-2. Jarle Svendsen, Tommy Hjelle og Stig Morten Bruarøy skåra måla til Os.
17-1 i førre kamp
Ifølgje Os-keeper Vidar Hjelle har oldboyslaget til Os vunne serien kvart år dei siste 15 åra, altså heilt sidan dei som konfirmerte seg i helga blei fødd.
- Vi starta serien i år med eit unødvendig tap for Fana. Vi tok for lett på det og låg plutseleg under 2-7. Vi skjerpa oss, men det blei tap 7-8, fortel Vidar.
Den andre kampen vann dei heile 17-1(!) over Dale.
- Vi har spelt 11-ar til no, men dei andre laga slit med mannskap, så dei hadde meldt seg på 7-ar i år. Neste år melder vi oss nok på i herrer senior 7. divisjon så vi får spela 11-ar igjen.
Oldboyslaget til Os har nemleg nok av spelarar å ta av, omtrent kva måndag er det 24 på trening.