Næringsliv | 13. apr. 2011

Os Trevare på tampen

Medan det blir jobba med ny regulering på Steinneset er det framleis aktivitet i 80 år gamle Os Trevarefabrikk.

Os Trevare på tampen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. apr. 2011 20:10

Os Trevarefabrikk blei etablert på 30-talet, i eit naust på Steinneset. Framfor naustet har det skjedd mykje dei siste 80 åra, innanfor veggane går det framleis i fint handarbeid.

– Det er ikkje mange som vel denne retninga innan byggfag, lenger, har innehavar Hogne Eide inntrykk av.

Hogne sjølv vaks praktisk talt opp i bestefaren, som han er oppkalla etter, sin vesle fabrikk. I 1986 overtok han etter faren Isak eigarskapen til dør- og vindusfabrikken.

– Eg har stort sett vore her heile tida, bortsett frå då eg midt på 70-talet budde i Oslo og gjekk på leiarskule for treindustrien.

To klassekameratar

Bestefar Eide starta med småvarer som kleshengarar og vevstolar, men utvida fort med produksjon av vindauge, dører og trapper.

– På det meste var det vel 6-7 mann i sving, kanskje med nokre innleigde i tillegg. Bygningen ligg litt innesperra til, så det var grenser for kor mykje utviding det kunne bli.

I dag er det berre to mann igjen. Hogne Eide og Leif Arne Haukås blei begge fødd i 1949 og vaks opp som naboar og klassekameratar.

– No har vi vore kollegaer i over 30 år, seier Eide og smiler.

– Men av og til må vi leiga inn nokre ekstra folk. Ein av dei som hjelper oss er pensjonisten Bernhard Nytræ, som starta hos bestefar som 15-åring.

Arkitektar og kyrkjer

Saga og høvelmaskina går for fullt bak dei gamle, små vindauga i den raude fabrikken i Hamnevegen.

– Det går mykje i restaurering, nye dører og vindauge til folk som pussar opp eldre hus og hytter, og vil halda på det gamle uttrykket.
Dører og vinduage i spesielle dimensjonar, for eksempel til nye og gamle kyrkjer, blir det også ein del av.

– Vi leverte til Åsane kyrkje, då den var ny i 1993, til Strandvik kyrkje, som blir rusta opp i desse dagar og til kårhuset på Ole Bull-eigedomen på Osterøy, som blei pussa opp før jubileet i fjor.

– Men det blir også nokre nybygg av hytter og hus, gjerne arkitekt-teikna, med spesielle former eller storleikar.

På tampen

Fabrikken, som dei første åra låg heilt i sjøkanten, står i dag innafor ei stor fylling og bak bustadprosjektet Vindu mot Fjorden.

– Mesteparten av den fine utsikta forsvann då dei bygde, men vi lever saman i fin harmoni, fabrikken og dei som bur rundt den.
Sjølv om dei har nok å gjera på reknar ikkje Hogne med at det er lenge til han legg ned.

– Det er andre krav i dag, til varmetap og dokumentasjon, pris og kapasitet. Den eine av svigersønene mine var med meg i fabrikken ei stund, men det er ikkje tvil om at eg blir siste generasjon som driv fabrikken, seier Hogne Eide.

I desse dagar blir det jobba med ny regulering av området. Fabrikken kan bli selt og riven for å gje plass til fleire bustadar. Om ikkje så lenge kan dei to tilsette, som begge fyller 62 år i år, trekka seg opp i bustadane sine nær fabrikken og nyta vestsida av Os som pensjonistar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.