Fotball | 19. mars 2022

Os trygg i første NM-kvalik

Solid siger borte over Sund.

Os trygg i første NM-kvalik
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. mars 2022 14:55

Bilde: Dagens Målskårarar, f.v.: Lunde 0-1, Sperrevik 0-2 og 0-3 og Ekeland 0-4 (straffe). (Foto: Even Olsen)

Os spelte i dag første av to kvalifiseringsrundar til NM.

Motstandar var Sund, som landa på 2. plass i si avdeling i 4. divisjon i haust.

Os tok leiinga ved Torgeir Lunde i første omgang.

Etter pause fekk Sund ein spelar utvist, då han fekk sitt andre gule.

Henrik Tysse Sperrevik, som nyleg kom tilbake til Os, la på til 0-2 og 0-3 før Roger Ekeland auka til 0-4 på straffe i 89. minutt.

– Eg synest vi var gode defensivt i dag. Vi slepp til lite, og framstår som solide, seier Os-trenar Endre Brenne etter kamp.

– Offensivt kunne vi vore litt betre. Vi fann ikkje heilt rytmen, tempoet kunne også vore noko høgare.

Sund - Os 0-4 (0-1)

Os (3-4-3): Kasper Færøvik - Anders Havsgård, Marius Mikkelsen, Sander Dyngeland - Thomas Spilde, Steffen Kvamsdal, Torgeir Lunde, Sverre Spangelo Haga - Henrik Tysse Sperrevik, Sebastian Plätzer og Roger Ekeland.

Innbytarar med speletid: Jonathan Månes Lund, Magnus Spangelo Haga, Kaspar Klett Døsen og Rune Mo.

Kven som blir motstandar i andre og siste NM-kvalik er enno ikkje avgjort.

Os startar serien heime 9. april.

Lysekloster speler sin første kvalik borte mot Tertnes i morgon.

Her er nokre andre kbalik-kampar som går i helga:

Kopervik – Stord
Austevoll – Bremnes
Lyngbø – Frøya
Osterøy – Gneist
Bergen Nord – Arna-Bjørnar
Loddefjord – Sandviken
NHHI – Askøy
Nordhordaland – Voss

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.