Lokal | 17. okt. 2016

Os Turlag tar imot Villmarksbarna

Det blir både bål, lassokasting og foredrag når familien frå den prisvinnande TV-serien laurdag besøker Os.

Os Turlag tar imot Villmarksbarna
Villmarksfamilien, her på Norsk Naturfotofestival i Ski. Lars H. Krempig (far), Ida (13), Guro (16), Inger Wallem Anundsen (mor), Narve (7) og Runa (11). (Foto: Oddmund Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. okt. 2016 09:24

– Vi håper det kan vera ein serie som ikkje berre fenger ungane, men som òg inspirerer dei vaksne til å ta ungane med på tur, sa Inger Wallem Anundsen til Midtsiden nokre timar før premieren 10. oktober 2013.

Inger frå Os bur i Alta og har saman med familien gjort stor TV-suksess, vunne fleire prisar og blitt kåra til beste familieprogram.

Les meir om Villmarksbarna på NRK.no.

Eldstedotter Guro er òg med i serien «Eventyrjenter», som hadde premiere i september.

Lager villmarksdag i Oseana

Det er Os Turlag som no har invitert Villmarksbarna-familien til Os.

Laurdag ettermiddag arrangerer turlaget ein villmarksdag med både action, foredrag og møte med familien frå Alta.

– Vi kjem til å rigga oss opp ein time før foredraget med lavvo, bålpanne, lasso og stand, så familiar kan sjå litt korleis vi har det når vi er ute i lag, seier Jorunn Nytræ frå Os Turlag.

Foredrag, film og bildeframvising

I Oseana blir det framsyning og foredrag frå klokka 18, forteljingar, bilde og filmklipp frå ulike turar og aktivitetar, alt frå opplevingar i nærområdet rundt Alta til langturar i Alaska si villmark.

Etter foredraget blir det òg mogleg å slå av ein turprat med familien.

– Billettane er det vi i turlaget som sel, ikkje Oseana. Men vi kjem til å vera i Oseana halvannan time onsdag og torsdag for å selja billettar, fortel Jorunn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.