Sport | 26. juni 2016

Os vann Lerum Cup!

Lysekloster G14 gjekk til finalen i B-sluttspelet, Os J14 tok ein overbevisande siger i semifinalen, mens A-finalen blei meir spennande.

Os vann Lerum Cup!
Os jenter 14 vann A-sluttspelet i Lerum Cup i Sogndal i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. juni 2016 18:22

14 lag frå Osbygda deltok i Lerum Cup i Sogndal i helga.

Sjå bildeserie

Søndag var det semifinalar og finalar for dei eldste klassane. 6 av laga frå Os, Søfteland og Lysekloster er i ungdomsklassen, 4 av desse kom i A-sluttspelet, 2 i B-sluttspel.

I dag var det to lag som spelte semifinalar.

Lysekloster G14 vann semifinalen i B-sluttspelet 3-2 over Ådal. I finalen blei det 2-3-tap for Volda.

Jentene til topps

Os jenter 14, som har gjort reint bord med to lag som Nore Neset/Os i serien, vann også alt i Sogndal.

– Jentene har vore veldig flinke til å vera på hugget frå start. Det er i grunnen kvartfinalen og semifinalen dei har imponert meg mest, vi gjekk rett ut og drepte kampen tidleg, det sto 1-0 allereie etter 3-4 sekund, fortel trenar Arve Sennesvik.

Os slo NBK 3-0. I finalen venta Gol.

Finalen blei nærmast gjørmebryting på våt grasbane. Gol tok leiinga, men Os utlikna til pause. 1-1 sto seg kampen ut, men Os var suverene i talet på cornerar, som blei avgjerande.

Stor stall og lite slitasje

– Vi hadde med oss 17 jenter, så vi har unngått både slitasje og skadar på jentene.

– Gol hadde ein del skadar og berre 9 spelarar igjen. Vi gjorde ein avtale om at eg fekk bruka alle 17, men at eg ville spela med 8 om han fekk skade i troppen. Dermed fekk alle våre 17 spela finalen.

Starta og avslutta med siger

Sennesvik har vore med på å vinna Lerum Cup før.

– Det var med gutane fødd i 1999, men den gong hadde eg hovudansvar for andrelaget.

– Dette er siste året eg er oppover til Sogndal, denne gong vann eg med mitt eige lag, og det var veldig kjekt! synest trenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.