Lokal | 13. juni 2010

Os vassverk reiser seg

Os kommune bygger nytt vassbehandlingsanlegg. Denne veka kom stålet på plass.

Os vassverk reiser seg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. juni 2010 07:48

Bildeserie:

1 av 9

I løpet av 2010 skal Os vassverk få nytt vassbehandlinganlegg, Os vassbehandlingsanlegg.

Ved Skogen på Hetleflåten er både veg til tomta og grunnarbeidet ferdig, og i veka som var byrja stålarbeidet.

- Stålet kom på måndag, over helga kjem betongdekket til andre etasje, fortel Jan Hetleflåt frå Johs Sælen og Sønn AS.

- Vi har berre to veker på oss før Vestafjell overtar igjen og bygger stasjonen ferdig.

Auka kapasitet
I Os kommune er det to vassverk, Os vassverk og Søvik vassverk. I tillegg har kommunen Hovland vassverk i reserve. Os vassverk, som har nedslagsfelt på 6,1 kvadratkilometer, hentar vatnet sitt frå Krokvatnet.

Med dagens folketilvekst og forventa tilknytingsgrad frå 74 til 90 prosent vil dagens vassbehandlingsanlegg i Os vassverk, som ligg på Gåssand, dekka behovet fram til 2050.

Det nye anlegget får ein kapasitet på 9600 kubikkmeter per dag i første byggetrinn og 22500 per dag i andre trinn.

Betre reinsing
Det er på Gåssand at vatnet til Os vassverk blir behandla i dag, i eit anlegg med trykksil, desinfisering med klor og noko justering av ph-verdien med lut.

- Det nye anlegget får sandfilter med kontinuerleg fellings- og vaskeprosess av typen DynaSand, dimensjonert i første byggetrinn for 400 kubikkmeter i timen, fortel prosjektingeniør Johannes Håkonsund frå Os kommune.

- Denne kapasiteten kan vi auka med 20 prosent utan utviding i bygningsmassen, legg han til.

Det reinsa vatnet skal så vidare til to parallelle UV-aggregat. Som ekstra sikring skal naudkloranlegg monterast.

Dette er vatn inn. Når det gjeld vatn ut, altså avlaupsreinsing, har også kommunen planar om å bygga nytt. Men her har dei førebels ikkje bestemt seg for destinasjon.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.