Kultur | 05. des. 2017

Os Vocalis fekk 2. plass i Praha

Kor frå Os song til sølv i Europas eldste advent- og julekorfestival.

Os Vocalis fekk 2. plass i Praha
Os Vocalis deltok i korfestivalm song i kyrkje og på opning av julemarknad i Praha i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. des. 2017 10:31

Bildeserie:

1 av 1

Os Vocalis deltok i helga på ein internasjonal advent- og julekorfestival i Praha.

– Festivalen er i år i sitt 27. år og er dermed den eldste og mest tradisjonelle festivalen for advent- og julemusikk i Europa, fortel Rikke Wallace frå Os Vocalis.

Koret frå Os deltok i kammerkorklassen saman med åtte andre kor frå ulike land i Europa, og Os Vocalis song til sølv!

Os Vocalis hadde i tillegg til konkurransen også konsert i St. Martin in the Wall Church, og på opninga av julemarknaden på Old Town Square laurdag 2. desember.

– Der møtte vi også på nokre norske fans som oppmuntra oss.

Saman med mykje song fekk kormedlemmane òg tid til shopping, sightseeing og å smaka på lokale spesialitetar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.