Næringsliv | 11. juni 2020

Osdagane blir erstatta av «Sommargata»

Lager gågate i sentrum ni dagar i juni.

Osdagane blir erstatta av «Sommargata»
Marte og Christoffer i Fjordfolk lager gågate i delar av sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. juni 2020 12:22

På tampen av neste veke skulle Osdagane, tidlegare kalla Marknadsdagane, ha starta. I staden blir det «Sommargata», med delvis stengt for biltrafikk i sentrum.

– Vi startar siste skuledag, fredag 19. juni, og køyrer gågate til og med helga etter, laurdag 27. juni, seier Marte Kristensen og Christoffer Kobbeltvedt.

Årets Osdagane skulle blitt ein del av ein ny festival, Folk & Fjord, men koronaviruset sette ein stoppar også for denne festivalen.

– Vi fekk ansvar for arrangementa til Os Sentrumsforening i år, og hadde ein alternativ vri på Vårsleppet.

Å samla store folkemengder er framleis ikkje enkelt, sjølv om det er lempa på smittevernreglane.

– Sommargata er ikkje eit arrangement, men ei gågate med ulike kulturinnslag.

Sånn skal sentrum stengast for biltrafikk frå fredag 19. juni. (Kart: Bjørnafjorden kommune/Fjordfolk)
Sånn skal sentrum stengast for biltrafikk frå fredag 19. juni. (Kart: Bjørnafjorden kommune/Fjordfolk)

Intern torghandel

Marknadsdagane og etterkvart Osdagane har som oftast bestått av ei rekkje utstillarar, eit moteshow og noko musikk. Nokre år har det òg vore aktivitet i hamna.

– I år blir det ingen tilreisande utstillarar, men ein del butikkar har sommarsal og flyttar delar av utstillinga si ut.

– Blir det nokre trekkplaster for å skapa auka sommarhandel?

– Vi har spurd om å få rigga scene, og gjekk heilt til Folkehelseinstituttet for å diskutera ulike måtar å gjera det på. Men vi får ikkje lov å arrangera noko som kan føra til at folk står for tett.

– Vi håper at ei dekorert gågate, og butikkar som stiller ut utandørs, er med på å skapa god stemning. At fleire vel å legga besøket til sentrum, men at dei spreier seg over fleire klokkeslett og fleire dagar.

Gatekunst og kortreist mat

Ved sidan av å stenga delar av Øyro for biltrafikk, har Fjordfolk fått lov av kommunen å bruka første etasje i Oshjørnet, òg kalla Baronsgården.

– I det eine lokalet vil vi ha ungdomar som deltok på UKM på plass. Vi hadde jo lagt opp til at dei skulle få bidra på Folk & Fjord.

Denne veggen skal dekorerast med gatekunst i slutten av juni. (Foto: KVB)
Denne veggen skal dekorerast med gatekunst i slutten av juni. (Foto: KVB)

Det blir kunst, gatekunst og workshop i grafitti, som kultureininga i kommunen skal ta imot påmeldingar til.

Dei unge kunstnarspirene har òg fått lov å mala gatekunst på den eine veggen på bygget som kommunen seinare skal laga kontorbygg av.

I det andre lokalet skal Skaparstova få boltra seg.

– Dei held på å laga fine vimplar som vi skal pyna sentrum med.

På utsida skal Bjørnafjorden Matkultur stilla ut, både med kortreiste råvarer, men kanskje òg med nokre ferdige rettar.

– Programmet er ikkje heilt spikra, men kjem ut i god tid før opning av Sommargata fredag om ei god veke.

Nokre av vimplane som er laga til Sommargata. (Foto: Fjordfolk)
Nokre av vimplane som er laga til Sommargata. (Foto: Fjordfolk)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.