William Lindborg frå Os Sentrumsforening og Veronica Søilen Halhjem frå Oseana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Osdagane - for første gong

Yoga og øl, andeslepp og moteshow: Marknadsdagane + Oseanamarknaden = tre livlege dagar i og rundt Osøyro og Oseana.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I over 20 år har Marknadsdagane i juni vore den travlaste langhelga i Os Sentrum. No har Oseana takka ja til å kopla sin veksande marknad på den same helga.

Osdagane strekk seg frå grusplassen ved ungdomsskulen via Øyro og Lyngheim til Mobergsvikjo, og startar i morgon, torsdag.

– I år, og dei nærmaste åra som kjem, ligg det an til at vi arrangerer Osdagane ei lita veke etter at skulane sluttar. Når folk har ferie og kan nyta livet i Os på dagtid frå torsdag til laurdag, er det kjekt med eit omfattande program. Eg er glad Oseana takka ja, seier William Lindborg frå Os Sentrumsforening.

– Vi har hatt veldig gode utstillarar og bra besøk på kunsthandverkmessa. I fjor utvida vi med samarbeid med Oseana, som tok den flytande Wibit-hinderløypa si ned i Mobergsvikjo den eine dagen, i dag er dei her alle dagane - i tillegg utvidar vi med både garasjesal og bagasjeromssal.

• Bildeserie: God kunsthandel på Oseanamarknaden (2017)

I fjor kasta Osbadet seg på Oseanamarknaden med flytande hinderløype i Mobergsvikjo den eine dagen.

I år er dei med og lagar leik i Vikjo alle dei tre dagane. Sjå bildeserie og video frå i fjor.

Yoga og øl

Karina Lyssand frå Os Yoga skal køyra morgonyoga med frukost i Oseana i haust. Som start på Osdagane kan du få ein forsmak.

– Kva er vel betre enn å nyta ein time yoga ute på plattingen eller inne i kunsten (lokasjon vil avhenge av vêret), for så gå vidare til kunsthandverksmarknaden som opnar i Oseana klokka 11, spør Veronica Søilen Halhjem.

Litt å smaka på blir det òg på tampen av Osdagane, Oseana sin ølfestival går frå klokka 12 til Beermakers Dinner startar klokka 18.30 laurdag.

– Nytt i år er òg garasjesal. Vi har rydda i kulturhuset, og vi har ein del brukte varer og nesten ubrukte ting som har hopa seg opp i løpet av desse sju åra. Dette kjem for sal samtidig som vi inviterer til bagasjeromsal, der folk kan koma og selja ting frå bilane sine.

Fredag skal Oseana òg ha rokonkurranse med oselvar i Mobergsvikjo for lokale kjendisar. Også dette er nytt av året. Eirik Søfteland er éin av dei som skal måla krefter, komikar Jon Hægland er kommentator.

Med musikk

Osdagane startar torsdag morgon, torsdag ettermiddag er det utekonsert på Lyngheim som del av programmet.

Nils Økland (fiolin og hardingfeler), Sigbjørn Apeland (harmonium) og Mari Lyssand (forteljar) presenterer Ole Bull og forholdet hans til folkemusikken. Vi møter nasjonsbyggjaren, superstjerna og improvisatoren Ole Bull, og blir betre kjent med mannen som ifølgje Bjørnstjerne Bjørnson var «det første og største Festøieblik i det norske Folks liv».

Lindborg seier han ser for seg å utvida Osdagane med ulike musikalske innslag i åra som kjem.

– Vi var i dialog med Osfest-arrangørane, men Vognhallen var opptatt og dei måtte køyra Rotlaus-konserten sin tidlegare i juni. Også Peppes kan bli ein god arena om Osdagane skal bli utvida med fleire arrangement i 2019 eller 2020.

Fleire saker