Lokal | 09. sep. 2009

Oseana sett frå lufta

I ein 40 meter høg krane på Oseana-tomta sit Claus Pedersen. I dag delte han utsikta si med Midtsiden.no.

Oseana sett frå lufta
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. sep. 2009 09:22

Bildeserie:

1 av 6

- Berre ta deg ein pause om du vil, seier Claus Pedersen frå Stoltz Entreprenør.

Pedersen er frå Danmark og har kjørt krane sidan 1996. I dag sleppte han Midtsiden først opp den lange, samanhengande stigen opp i den 40 meter høge kranen.

- Vi sit om lag 36 meter over bakken no, fortel han, på plass i stolen der han sit når han løftar på plass armering eller flyttar på ei gigantisk stålbøtte som kollegaene på bakken fyller betong i.

- Det gyngar litt når vi tar tunge løft, men det kjennest verre ut enn det er, påstår han.

Kranen er 40 meter høg. Armen stikk 50 meter ut, og kan på det ytste løfta 2,5 tonn.

Her er nokre bilde tatt frå kranen til Pedersen:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.