Kultur | 16. okt. 2020

Oseana trassar korona med stjernespekka innspurt på 2020

– Vi heldt pusten i starten på hausten, innrømmer Berit og Veronica.

Oseana trassar korona med stjernespekka innspurt på 2020
Høyem, Johnsen, Eidsvåg og Eggum: I løpet av 6 veker skal alle desse 4 på scenen i Oseana.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. okt. 2020 09:17

I midten av august var det ei framoverlent Oseana-leiing som såg tilbake på ein god sommar - og fram til ein noko redusert, men likevel innhaldsrik haust.

– Nokre show er avlyste eller flytta, fordi produksjonen er for kostbar for 200 publikummarar, sjølv om vi hadde dobla til to show per kveld.

– Men mange artistar og management har klart å laga berekraftige framsyningar for eit mindre publikum, sa programsjef Berit Steen og marknadssjef Veronica Søilen Halhjem.

Berit og Veronica pusta letta ut då dei fekk halda fram med å ta imot 200 gjestar per konsert. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Berit og Veronica pusta letta ut då dei fekk halda fram med å ta imot 200 gjestar per konsert. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Så kom faddervekene, smittebølgene og skjerpa reglar, blant anna for utelivsbransjen.

– Vi heldt pusten ei stund, men i starten av september kom heldigvis klarsignal for å halda fram med samlingar på 200 innandørs. Publikum har òg vist tillit til måten vi handterer smittevern på, og billettsalet har vore godt, seier Veronica.

Av utselde arrangement finn vi yoga i morgon, foredrag med Ingvard Wilhelmsen i november og konsert med Eva Weel Skram i desember.

Oseana kunne selt annakvart sete, men har plass nok til å ha to ledige sete mellom kvar gjest eller familie. Seniorarrangementet Trygg i Os har utgått i år, men senioruniversitetet har hatt haustsemester med foredrag.

Humor, rikskjendisar og lokale bestseljarar

Om to veker kjem Jan Eggum-turneen «Så langt har alt gått bra» til Oseana. Helga etter er det Bjørn Eidsvåg sin tur.

For ei veke sidan supplerte Oseana haustprogrammet med Sivert Høyem, som skal på scenen to veker før Vidar Johnsen.

– Sivert Høyem er nesten utselt allereie, fortel Veronica.

Desse fire, pluss utselte Weel Skram, er ikkje dei einaste kjente ansikta på programmet før jul; Tenorane, Vinskvetten og Helene Bøgsle er òg booka inn.

– Vi synest òg det er kjekt at Atle Pettersen har med seg Ingeborg Walther på «Swinging Christmas» i starten på desember. Ingeborg gir jo heile Noreg gåsehud med sin song i Stjernekamp på NRK om dagen.

Lokale kor og musikarar har òg sin plass i kulturhuset før jul.

Først ut er Tilslørte Bondepiker med gjestar, så kjem Haavard Skaatun sitt juleshow og to konsertar med Fonos.

– Vi trur Ephemera kan slå godt an, og at Riksteateret sin urbane bestseljar i Oslo, Blokk til Blokk, med rapparane Don Martin, Fela og Castro, vil nå ut til fleire yngre.

I gang med 2021

Nokre av innslaga som blei avlyste då Noreg stengte ned i vår, som Real Ones og Whitney Houston-tribute, har fått plass til neste vår.

Dei førebels første innslaga i 2021-programmet er Svanesjøen og Hellbillies, sistnemte markerer 30 år på vegen.

Ein annan veteran, Halvdan Sivertsen, skulle i år ha markert 70-årsdagen sin med turné som òg skulle innom Os. Han har valt å utsetja, men gjer eit tilsvarande stort nummer av at han neste år fyller 71.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.