Oselvaren på heidersplass i Oseana

Stor bildeserie: Gåva Os kommune fekk i 1992 vart i dag løfta på plass.

I dag vart den løfta på plass i Oseana. No kan alle få sjå gåva Os kommune fekk i 1992 - heilt i tråd med ønskjet til gjevarane, Jorunn og Bernt Sørstrønen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 11. feb. 2019 14:23

Bildeserie:

Nøgde karar kan sjå eit spanande prosjekt ferdig. (Foto: KOG)
I går var det søndagstur, og levering av båten. (Foto: KOG)
Med spesiallaga tralle gjekk det heile leikande lett. (Foto: KOG)
Nokre plassar var vegen betre enn fortauet. (Foto: KOG)
Transporten vart eit blikkfang for mange. (Foto: KOG)
– Er døra brei nok? (Foto: KOG)
Det synte seg å vera i smalaste laget. (Foto: KOG)
Løysinga vart via den store rulleporten, og vidare gjennom storsalen. (Foto: KOG)
Båten vart i går vidare førebudd for dagens løft. (Foto: KOG)
Klar for den store dagen. (Foto: KOG)
Først vart det montert straum og vinsj med fjernkontroll - slik kan ein lett senka båten for reingjering. (Foto: KOG)
Trangt om plassen, men med ein god plan gjekk det heile knirkefritt. (Foto: KOG)
Alt av oppheng er sertifisert. (Foto: KOG)
Snart forbi det kritiske punktet. (Foto: KOG)
– Ser det bra ut? Egil Rundhovde sytte for dei siste justeringane. (Foto: KOG)
Båten vert nok eit skue når det vert kveld og mørkt. (Foto: KOG)
Egil Rundhovde og Ole Tobias Lindeberg vert intervjua av TV Vest. (Foto: KOG)
Blått lys må til for ein båt. (Foto: KOG)
Lokal historie på heidersplass. (Foto: KOG)
Nøgde karar kan sjå eit spanande prosjekt ferdig. (Foto: KOG)
I går var det søndagstur, og levering av båten. (Foto: KOG)
1 av 19

I går blei båten trilla Oselvarnaustet til Oseana, i dag blei den løfta opp under taket i foajeen på Oseana.

Båten, som vart bygd hos Alfred Søvik i 1974, vart gjeven som gåve til Os kommune frå ekteparet Jorunn og Bernt Sørstrønen.

Med gåva følgde det ein avtale som la klare føringar, oselvaren skulle stillast ut så innbyggarane og turistane kunne ha glede av den.

Avtalen vart den gong signert av, Ole Haakon Lunde, som då var ordførar.

På land - eller på sjø?

Båten stod faktisk ei stund på utstilling i rådhuset. Den har òg vore utstilt i Oselvarverkstaden.

Dei siste åra har den stått på eit kommunalt lager i Hegglandsdalen.

Då lageret i Hegglandsdalen i fjor skulle tømmast, vart båten si plassering på ny aktuell. Kultureininga i Os kommune byrja å sjå på moglegheiter for å få båten fram i lyset att - og ikkje vidare til eit nytt lager.

Det vart oppretta kontakt mellom kultureininga, Oselvarverkstaden og miljøet i Oselvarnaustet, og ein byrja å sjå på moglegheiter for båten. Familien til ekteparet Sørstrønen vart òg involvert i prosessen. Dette såg ein som naudsynt då eit av alternativa var å gje båten ei ny rolle - på sjøen.

Dei to alternativa vart utgreidd parallelt, og Geir Jonassen, som representerer etterkomarane til gjevarane hadde jamnleg kontakt med resten av familen.

– Vi var korkje for- eller imot dei to alternativa, men glade for at det vart jobba med å gje båten, som betydde så mykje for Jorunn og Bernt eit nytt kapittel. Som det står skrive i gåvebrevet; dei brydde seg om både båten og bygda! Om båten vert ein bruksbåt som kan nyttast av osingane, eller om den vert utstilt ein stad mange ferdast, var det same for oss.

Oseana hadde plass - i taket

Det vart raskt avklart at det ikkje er plass til eit utstillingsobjekt av denne storleiken i rådhuset. Neste kommunale bygg med mykje trafikk var då Oseana, fortel Jonassen.

Oseana har jo mykje plass, men dei har stor aktivitet i huset, og dei nyttar heile huset til ulike aktivitetar og arrangement til ei kvar tid. Ein oselvar som stod i fare for å måtte flyttast på, var med andre ord ikkje ideelt for dei.

Det var då kloke hovude løfta blikket, og fann rikeleg med plass over inngangspartiet.

– Mange har nok sett flya som heng i taket på Flesland, så kvifor ikkje gjera noko liknande i Oseana, seier Jonassen. Båten vert synleg frå utsida gjennom dei karakteristiske vindauga til Oseana, og frå innsida vert den eit flott syn med fjorden som bakgrunn.

Jonassen fortel at Oseana var heilt med på ideen, men som med alt her i verda, handla det etterkvart om korleis finansiera «løftet»?

– Vi fekk utgreidd ei kalkyle som fortalde oss kostandane for eit opphengssystem som var innafor sikringskrav. Samstundes gjorde denne løysinga det mogleg å enkelt ta ned båten for reinhald i ny og ne. Lyssetjing av båten var òg rekna inn - den må jo sjå bra ut!

Strålande nøgd

I går tok gjengen frå Oselvarlaget beina fatt, og med ei spesiallaga trillevogn skubba og trakk dei båten frå Oselvarnaustet og ut til Oseana.

(Artikkelen held fram under videoen)

- View this post on Instagram

#osnettno I morgon startar monteringa av oselvaren Os kommune i si tid fekk som gåve. Båten skal henga i taket i foajeen på Oseana. I dag sytte karane frå Oselvarlaget for transporten ut til Oseana. #oselvar #oseana

A post shared by Midtsiden.no (@midtsiden) on Feb 10, 2019 at 3:39am PST

Mange osingar på søndagstur snudde seg meir enn to gongar då dei såg opptoget - dels på fortauet - resten i vegbana.

Tidleg i dag vart straum og vinsj montert i taket, og etter litt justeringar vart båten heist opp i taket. TV Vest stilte òg for å laga sak om det noko speielle løftet i Oseana.

Med båten plassert som om den nett er over ein bølgetopp, var det berre for direktør ved Oseana, Ole Tobias Lindeberg og karane frå Oselvarlaget å klappa seg sjølv på skuldrene.

Dette vart bra!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.